søndag 5. august 2012

Vardehornet..

 Dette er kanskje litt flaut å skrive, men for fyrste gong i mitt liv har eg vore på Vardehornet (Varahonne). Dette berømte fjellet som ljomar 1107 moh, og kleder Fossastøylen trygt inne. Eg har iallfall på turen forstått kvifor det kallast Vardehornet, for der er vardar overalt.
 I tillegg til å bestå av stein og slikt, har fjellet fin utsikt. Anja stussar ikkje på å nærme seg kanten som går rett ned i Skålavatnet. Null stress lissom.
 Kva folk kallar toppen er også uvisst for meg. Dette var likevel den finaste staden syns eg. Sjølv om det ligg 70 meter under høgste punktet, var det her eg følte meg mest heime. Nydelig utsikt, og koseleg mark å sitte på.
 Her er Anja og Junah endeleg på det høgste punktet.
Me var vel nøgde med turen, og kjem nok til å gå hit igjen før me anar. Me likte oss her oppe, og kan berre angre på me ikkje har knøda oss opp før.
Fellesbilete måtte til. Etter dette gjekk me Sandskaret ned att til støylen, der me fekk slå av ein prat med hyttefolket, før me vende heim att til middag. Skodda var uansett på veg, så det hadde ikkje vore koseleg noko lenger tid.

Dagens visdom:
Dei trur meg ikkje når eg forklare
at Dravlausbygda er aller best,
Og Vardahornet vil mange svare,
er berre kuling, orkan og blest.
Det kan so vere, det er slik laga
me veit sørvesten han høyre med
Me veit han held ut i mange daga, 
men etterpå, du kor fint det e!

Ingen kommentarer: