mandag 27. august 2012

Junah 2 år!!

 Tida går så alt for fort. Det er allereie to år sidan Junah kom til verda.
 Ho har lært mykje sidan den gong, og ståbilete er ikkje lenger ei alt for stor utfordring. Me har som kjent vore aktive i Lydigheitsmiljøet sidan september i fjor, og eg har vore så heldig å få ta Bronsemerket saman med Junah.
 I september deltek me på vårt fyrste offentlege stevne. Korleis dette skal gå er ikkje godt å seie, men me får håpe på det beste. Junah har også fått opplevd si fyrste hundeutstilling. 
Ellers har me sjølvsagt ennå tid til leik og morro.
 Anja har sjølvsagt vore med på feiringa!
Gratulere med dagen, kjekkaste Junah!

Dagens visdom:
Alder er berre eit tal..

Ingen kommentarer: