fredag 17. august 2012

Delfin i Dalsfjorden

Den siste veka har der vore ein delfin ute ved Lauvstad. Denne har vore til glede for store og små, og mange har engasjert seg for å få sjå han på nært hold. Eg var heldig å få sjå han tidleg i veka på avstand, men har heile tida deppa fordi båten ikkje var ute. Der stod nemlig ei gravemaskin mellom båten og sjøen. I dag tok eg tak i saka, og fekk ein lokal bygdemann til å flytte maskina. Dermed fekk eg båten ut, og det bar direkte utover på delfinjakt. Slik gjekk den til:
 Anja vart gal når delfinen dukka opp.
 Ho hylte og skreik, bar seg, og klatra..
 Delfinen var kjempe nyskjerrig på båten, og tykte det var spannande å kome heilt nær for å symje og hoppe ved sidan av oss. Han elska også å ligge i dragsuget bak båten.
 Lykkeleg og glad..
 Anja har bada med delfin. Ho kan iallfall stryke det frå  lista si. Sånn går det når ein er overivrig og dett over bord!
Ein herleg fyr, som det var kjekt å¨møte! :)

Dagens visdom:
Lukke er det du skapar undervegs..

Ingen kommentarer: