søndag 12. august 2012

Amokk - kurs!

 Denne helga har eg og Junah vore på kurs med Siv Svendsen. Det har vore ei herleg oppleving på fleire måtar. Det var heile laurdagen, og heile søndagen. Me fekk strålande ver, nesten slik det var for varmt, men det kan me ikkje klage på.
 I helga har me lært mykje om belønning. Spesielt har me lært om belønning med leike. Ein kan undrast kven som var mest engasjert på leika her på dette bilete iallfall, men det har vore ei god erfaring å tenke litt meir over korleis og med kva ein belønner.
Her får Junah prøve seg på ruta. Sjølv om me skal til på klasse 1, er det like så viktig å sjå litt frammover seier dei. Ruta syns iallfall Junah foreløpig er kjempe kjekt. 
Her trenar me avstandskommandering, og me prøvar å få instruktøren i dekk. Neimen ikkje lett. Men Junah var iallfall flink! Og me fekk masse inspirasjon!
Bileta av meg og Junah har eg stjåle frå Hege (håpar det er greit!!).
 Her har du då gruppebilete. Manglar ei på bilete. 
Ho hadde ein Berner Sennen.
 God spenst i Siv! :-) 
 Tusen takk for eit flott, lærerikt, inspirerande og fysisk utslitande kurs!!

Dagens visdom:
LEIKEPAUSE
Full fest!!




Ingen kommentarer: