mandag 25. juli 2011

Tre bileter..

 Junah presanterar til deg; Dalsfjorden! Dette bilete er teke frå Galten. Det er ein stein som står ut frå fjellet, som ein klippe. Der ifrå ser du godt inn gjennom Dalsfjorden. Den ligg ikkje spesielt høgt oppe, så det er ein veldig fin, familie og turistvennleg tur. Virkelig anbefalt ein gong du har litt tid til overs!
 Alle har nok fått meg seg fredagen si hending i Oslo og på Utøya. Det går nok inn på oss alle det som skjedde, og me sørjer nok alle litt inn i oss. Eg har sjølvsagt tent lys for ofra fleire kveldar. Ikkje berre for dei som er døde, men også for dei som er direkte berørt av det ein kan kalle ei tragedie, eller eit grusomt terrorangrep. Tankar går til dei pårørande!
Dette bilete lasta eg mest opp for å få det på nett, for å få vurdering av det medan eg ventar på at dyrlegen skal verte tilgjengeleg. Om du skulle sjå med ein gong kva sjukdom denne stakkars kanina har, må du gjerne ta kontakt.

Dagens visdom:
We walk a long road to Eden..

Ingen kommentarer: