I dag var det Fossastøylen Rett Opp. Folk susa altså opp gjennom Lyngnesvegen for å få best mulig tid. Den beste tida vart 22 minutt og 3 sekund. Imponerande! Der va nærmare 70 folk som deltok i trimklasse utan tid også. Kjekt å sjå så mykje folk til fjells. Det heile var eit minneløp for Arne Hasund, ein lokal eldsjel!
Eg og Ole Andreas gjekk opp i går. Nydeleg ver når me kom opp. Kjekt å sjå at torvtaket tek form, men måtte springe inn etterpå grunna knott.
Eg og jentene var på Løviktuva i dag tidleg,
medan me venta på at Ole Andreas skulle stå opp.
Dagens visdom:
Hu hei kor er det vel fint og lett
opp på fjellet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar