tirsdag 12. juli 2011

I kveld slutter eventyret for mange..

Men ikkje for meg, det er i morga kveld. Det er sjølvsagt Harry Potter det er snakk. "It all ends" som dei seier. Lat oss heller gå litt tilbake, og sjå på den lange reisa Harry Potter har hatt.
I 1997 vart den fyrste boka gitt ut; De vises sten / The Philosopher's Stone. Etter det J.K. Rowling sjølv har fortalt vart denne skrive på ein serviett på ei togreise. Harry Potter vart fort ein suksess. I 1999 vart boka oversatt til norsk, og HP inntok Noreg med storm. Før den tid hadde Rowling allereie gitt ut andre boka; Mysteriekammeret/Chamber of Secrets i Storbritannia. Den kom nemlig i 1998, og 2000 i Noreg.

Deretter kom Fangen av Azkaban / Prisoner of Azkaban 1999 i Storbritannia, og hausten 2000 her. Det skal også nemnast at eg enda ikkje har vist mi interesse for dette fenomenet, dog læraren vår las fyrste boka i klasserommet. Sommaren 2000 lanserar Rowling den fjerde boka; Ildbegeret / Goblet of Fire. Den kjem til Noreg i 2001. No er Harry Potter så populært at det er mykje snakk om det i verda. Prestar rasar for bodskapen, og vesle meg vert påvirka til å leige fjerde boka på bokbåten. Eg les fjerde boka, og vert heilt frelst. Så les eg 1-3., og les 4. ennå ein gong. Byrjar også no å kike rundt på nettet å følge med den komande lanseringa av femte boka og får oppleve filmatisering av fyrste filmen. Den skuffar så absolutt ikkje. Den andre filmen vert også lansert innan neste bok. Den er også bra i forhold til boka.
I 2003 vert femte boka lansert i heile verda; Føniksorderen / Order of Phoenix. Dette er ei av mine favorittar, mykje fordi Sirius er ein karakter eg såg på som viktig, og nær. Femte boka er også med på overgangen frå den barnslige Harry, til den meir ungdommelige og menneskelege Harry. I 2004 kjem tredje filmen. Den er berre ein stor skuffelse i mine auge. Spesielt er utbyttinga av skodespelar til Dumbledore avgjerande for meg. Det er ikkje mykje å gjere med at Richard Harris døde, men den nye fyren synes eg ikkje noko om. Richard Harris traff akkurat slik eg hadde forestillt meg Dumbledore. Den nye synes eg er for brautete. Tredje boka har eg sett på som ei veldig koselig bok. Filmen øydelegger heile inntrykket.
 Så vert den sjette boka lansert i 2005; Halvblodsprinsen / The Half-Blood Prince. Eg var kjempe spent på denne. Alt var så spennande, og var byrje å hope seg opp. Denne boka avanserar Potter serien fleire hakk. Ting vert meir kompliserte, og ein forstår meir og meir korleis denne historia må ta seg ut. Mange spørsmål fell på plass, og mange nye spørsmål dukkar opp. Me lærer ein del om forskjellige karakterar, og forstår at alle detaljane i frå fyrste bok har spelt ei stor rolle i den store heilheita. Hadde ein tenkt som Rowling kunne ein forstått kva som kom allereie etter fjerde bok. Fjerde filmen kjem også dette året, og er heldigvis betre enn den tredje.
Spenninga rundt den sjuande boka er ganske intens i mitt liv. Eg les opp igjen alle bøkene fleire gongar medan eg ventar. Endelig kom den i 2007; Dødstalismanene / The Deathly Hallows. Denne boka er INTENS. Det er einaste ordet eg har for den. Detaljane som kjem i bok en er borte, og vert sett om til handling. Det er som om du har gått seks år på skule, og endelig får drage det ut i praksis. Er vel noko sånt Harry hadde tenkt oss tenkjer eg. Ei verdig avslutning på serien, men det var forferdelig trist å lese siste sida i boka. Det føltes som ei epoke i livet mitt var over. Heldigvis hadde me ennå filmane å vente spente på, og samme år kom Føniksordenen. Den filmen var heilt grei i mine auge. Ingenting kunne matche bøkene.
I 2009 kom Halvblodsprinsen. Ei grei filmatisering dette også. Til alles overraskelse vart også den siste boka delt i to filmar. Dette er forståeleg då det er mykje viktig handling som skal inn. Fyrste delen kom i fjor haust. Den vil eg påstå var ein av dei betre filmane. I morga kveld sluttar eventyret for meg. Då skal eg sjå siste delen på kino i Volda. Då er virkelig Harry Potter epoka over. Eg vil nok ha blanda følelsar når eg forlet kinosalen vil eg tru. Håper berre dei gjer ei verdig avslutning, slik boka gjor!
Dagens visdom:
Expelliarmus...

Ingen kommentarer: