lørdag 9. juli 2011

LAUGdag..

I dag har hundane fått seg eit godt laug. Dono var sjølvsagt til stades,
men var mest oppteken av sitt eige spegelbilete.
Det er ikkje mykje hund igjen når Junah vert våt.
Ho såg mest ut som ei mynde.
Eller piggsvin om du vil..
Ikkje synes ho det var spesielt kult å verte vaska heller.
Anja synes det var heilt greitt, for ho synes det er kjekt å verte tørka etterpå. Då er det nemlig verdt det har ho funne ut. Junah synes også det var kjekt med tørking. Ho vert vel van med badinga. No luktar begge nydelig hundeshampo og er klar for ein roleg laurdagskveld!

Dagens visdom:
Når steinen dett frå egga
Då dett han jammen ned..

Ingen kommentarer: