onsdag 30. mars 2011

Smaken av kvit vår..

No dei siste, iallfall tre dagane, har her vore ganske brukbart ver mesteparten av dagane. Dette har eg sjølvsagt utnytta til det fulle. Ein ting som er sikkert er at hundane heng med når UT vert nemnt i husstanden. Både mandag og tysdag har me ikkje vore mindre enn heile tre hundar, og det er herlig. Ronja har vore på besøk med oss på dagtid. Me har vore mykje ute. Spesielt har me vandra mykje oppe i lysløypa. Der er me også så heldige at der er eit innegjerda område som me nyttar.

Sidan skogen kryr av dyr, er det ikkje råd å ha hundane lause. Då forsvinn dei fort. Hjorten er like rundt hjørnet alle stadar. Han er nok svolten stakkaren. Då hadde det ikkje hjulpe så masse om Anja kom flygande att i veia heller. Derfor er det så fint å kunne sleppe dei ein stad du veit dei ikkje plagar noko som helst. Spesielt artig var det å hive snøballar i nedoverbakke slik at hundane måtte springe ein tung bakke opp igjen til meg. Har nesten vore reine skjære boot camp dei siste dagane.

I dag skinn sola på skikkelig vis. Så me har vore godt opp i fjellsida i dag. Einaste som er litt travelt er at snøen fester seg slik i pelsen til Junah, så det vert ei plage både for henne og meg. Me får sjå om me finn eit dekken eller noko som kan brukast kanskje. Viss ikkje kan me trøyste oss med at det snart er tid for grøne marker!

Dagens visdom:
Den som var ein løvetann
ville ikkje hatt det kjekt i snøen nei..

Ingen kommentarer: