torsdag 24. mars 2011

Eit år tilbake..

..vart seks kvalpar fødde. Fem av dei var blue merle, og ein av dei var tricolor. Tricolor tispe var det også. Tenk å ha slik ein flaks. Lykka var stor når eg fekk vete denne skulle bli min. Var ikkje mykje søvn den dagen eg fekk vete det for å seie det slik. Alt var berre glede, og spenning den gongen. Alt var så perfekt, så tilrettelagt, og så enkelt. Ein lykkerus som varte. Det komande halvåret tenkte eg ofte at ting var for godt til å vere sant. Eit halvt år der alt var perfekt, der alt klaffa. I overgangen sommar til haust var alt så perfekt at eg byrja verte bekymra. Ikkje noko som plaga meg mykje, men uroa var der. Det er rart kor bekymra ein vert når ting ikkje er slik det brukar å vere. Sjølv når det gjeld ekstrem lykke.Dei fleste veit korleis denne historia endar. Den lykka som var der for eit år sidan er borte. Lykke og sakn er som krone og mynt, eit kast unna så snur det seg. Der er mange spørsmål som relaterar til ein dag som i dag: Korleis hadde ho sett ut som ettåring? Korleis hadde ho oppført seg? Kva hadde eg gjort i dag om ho fortsatt var her? Hadde livet mitt vore annleis? Kva om det som skjedde aldri hadde funne stad?Det vert sagt at ein ikkje skal dvele med fortida. Dei som seier det har nok aldri opplevd eit stort tap. Det er trossalt fortida som formar den me er i dag. Sunny var ei viktig epoke i livet mitt. Desverre gjekk den epoka alt for fort forbi. Sjølv om epoka saman var over den gongen, er ikkje minna forsvunne. Dei vil nok alltid vere der, men kvalpen som aldri vaks opp er borte no.
Ei gladjente utan like. Pratsom av natur, og med gjensynsglede som ingen andre. Ekspert på rampestrekar, og rask som eit lyn. Lærevillig og intelligent. Ei elskverdig personligheit. Eg har mykje å sakne.


Dagens visdom:
Good night big moon
Sweet dreams baby..

Ingen kommentarer: