torsdag 3. mars 2011

Du veit du ser for mykje Prison Break når..

Du drøyme om natta at du sitte i fengsel, og er fortvila fordi du har komt i ei anna celle enn du opprinneleg var i. Og at du frå den cella må legge ein ny plan over korleis du skal kome deg ut. Også at du vert overlykkeleg når du finn ut der er ein luftkanal du kan grave større, krype gjennom, for så å komme deg ut til der dei andre som skal røme saman med deg er..
Eg har altså då byrja å sjå Prison Break, og i går kveld såg me ein del episoder. Me er berre på fyrste sesong, og er litt etter alle andre når det gjeld den serien, men betre seint enn aldri. Det er iallfall kjempe spennande. For dei som ikkje veit kva serien handlar om så handlar det om ein fyr som kjem i fengsel, for så å planlegge å kome seg ut av fengselet. Kort fortalt. Det er nok mykje meir omfattande, og innvikla enn det framstår, men eg meiner du skal prøve å sjå for deg sjølv. Sjå ei to - tre episode og vert hekta!

Ingen kommentarer: