fredag 18. mars 2011

Barndomsminne frå sjøen..

Då eg var lita, ikkje så alt for mange år sidan, likte eg veldig godt å fiske noko me kalla snabbeskjebbe. Då kjøpte me oss ein krok til 50 øre på Buda, og festa på sniglar. Ikkje sånne sniglar på land altså, men slike i skall ved sjøen. Sånn som på dette bilete over. Desse knuste me skallet på, og festa kroken gjennom "auge".
Så senka me snøret vårt, som gjerne var festa på ein pinne, surra rundt ein kloss, eller berre akkurat langt nok til å nå ned til botnen. Så la me oss på bryggekanten å venta på at fisken skulle nærme seg. Dei som dukka opp fyrst var grønngylten som du ser på bilete over. Den var veldig enkel å få. Derfor var det sjølvsagt kjedelig når den fisken kom.
Så seig dei på desse politifiskane, eller rødnebb som dei vert kalla litt meir profesjonellt. Dei var skikkelig særefiskar. Dei kunne lett plukke bytte av kroken utan å bite på, og dei var veldig forsiktige. Denne var litt meir sjeldan å drage opp. Sære, sære fisk.
Så kom broder fisken, den store blå. Den er skikkelig fin å sjå på. Det var også ein sjeldan fisk å få, men nokon gongar lurte me han nok trill rundt. Medan den store blå surra rundt, var også den vesle blå komt til, nemelg grasgylta. EIn søt liten fisk eg mang ein gong har drege opp.
Medan dei fargerike fiskane surra rundt der nede var også vanleg fisk som mort, små hyser, lyr eller torsk nokon få gongar innom. Det var sjølvsagt alltid spennande å sjå om dei beit på, noko dei så godt som aldri gjor. Ein gong eg fiska hugsa eg at ein diger laks symde bort å snusa (om ein kan kalle det ein fisk gjer snusing) på kroken. Deretter symde han avgarde. Då var eg skuffa då.
Skikkelig stas var det når berggylta kom fram frå steinane. Den digre fisken var sjeldan å sjå, og krevde god tålmod for å fiske. Ho gjekk inn og ut av steinane, gjerne berre for å styre med sitt. Nokon få vart det jo drege opp likevel. Ein fin fisk dette også. Det skal seiast at ingen av desse er spesielt etande.

Me hadde mykje tidsfordriv med denne fiskinga. Nokon gongar greidde me å fiske sandflyndre, og nokon gongar sånn ministeinbit på botnen. Me likte å lage akvarium av desse fiskane, for så å sleppe dei ut etter på. Ofte kombinerte me det med å leite etter krabba i fjøra. Der fann me krabbar i alle rare fargar. Hovudsakleg var det dei grønne, men også kvite og raude krabbar. Nokon gongar fann me ål, og sånn ministeinbit i fjøra også.

Medan me bada brukte me å fange småfisk og trakke på flyndrer som gøymde seg i sanden. Om ein stod i ro i sanden kom fisken å småbeit på tærne. Kråkebollar, og fisk son såg ut som tang var også gjengangarar. Alt var fint heilt til ein var uheldig å kom bort i kobbeglyene. Det svir, og heldivis kunne ein fikse det med ein glasmanet.

Det var tider den tida me brukte ved og i sjøen. No kunne det ikkje falle meg inn å fiske fisk berre for å fiske. Eg har nok vorte blaut med dei siste åra. Synes synn på dei stakkars krapyla. Dei skal få vere i fred for min del. No er det meir sei og makrell som skal frykte mitt nærvær.

Dagens visdom:
Det er alltid vær for godt fiske!