søndag 30. januar 2011
fredag 28. januar 2011
Studiotid!

http://www.myspace.com/sandragullhaug
Sjølve opptaket vart litt lågt, men dette skal me ordne etterkvart. Er trossalt vårt fyrste sjølstendige opptak. Berre vent til me vert drevne i gamet. Me må jo trossalt utnytte tilgangen me har dette semesteret til å spele inn all musikk me har! :p
Dagens visdom:
A song is like an apple..
torsdag 27. januar 2011
Junah 5 månadar!
Månadane går fort, og Junah veks fort. Ho slår no ut 35,5 cm, sånn ca. Slingringsmonn er der nok, men me har målt fleire gangar med samme resultat. Junah er mykje meir aktiv no, og finn på mykje fleire rampestrekar. Ho er ofte tøff i tryne og vender det andre øyret til. Likevel har ho ingen interesse av å vere nokon plass utan oss. Ho skal helst sove på fanget, eller rett ved føtene våra. Og om eg og Anja går tur utan henne er dette sjølvsagt verdens undergang. Likevel har ho merkeleg nok ikkje noko problem å vere i bur aleine, heldigvis!
Dagens visdom:
Learning by doing..
Dagens visdom:
Learning by doing..
tirsdag 25. januar 2011
Skogstur..


Dagens visdom:
Navi… Navi, where art thou?
Come hither.
Oh Navi, the fairy, listen to my words…
The words of the Deku Tree…
Come hither.
Oh Navi, the fairy, listen to my words…
The words of the Deku Tree…
søndag 23. januar 2011
To ulver, ein gris..

Alt er artig!
I dag kom mamma heim frå Oslo. Ho hadde med nokon småting til hundane sjølvsagt. Junah fekk seg to turselar og nytt halsband. Heldigvis passa alt saman slik det skulle. Anja fekk seg ein rosa gris. Det er den du ser på bilete. Denne grisen lagar grynte, eller rape lydar. Eg skvett kvar gang nokon av hundane får lyd i den. Er ikkje mykje som skal til heller. Junah synes egentlig den er forferdelig skummel, men nyskjerrig er ho nok uansett. Junah har forresten endeleg felt hjørnetennene sine nede, og dei oppe kjem visst slik dei skal, så då er det vel og bra.
Dagens visdom:
Spider pig, spider pig
does whatever a spider pig does..
tirsdag 18. januar 2011
fredag 14. januar 2011
tirsdag 11. januar 2011
mandag 10. januar 2011
Skiføre..



Dagens visdom:
Eg snører min sekk,
og spenner mine ski..
fredag 7. januar 2011
Narnia og vekå..
I går va eg på kino å såg den nye Narnia filmen saman med Ole Andreas, Sandra og Sindre. Narnia har eg alltid likt. Eg vokste opp med BBC sin eldgamle versjon til juleserie, slik som mange andre i Noregs land. I tillegg har eg sjølvsagt bøkene, og dei e sjølvsagt også lest. Narnia er jo berre ei herlig fortelling. C S Lewis har gjort ein god jobb her (dog han har vorte mykje inspirert av sin gode venn JRR Tolkien). Filmatiseringa BBC hadde var ei god filmatisering som følgte boka godt, likevel kan den ikkje kallast så bra nå lenger. Teknikken og effektene har utvikla seg mykje sidan den gong. Ein treng til dømes ikkje lenger å ha ei pelskostyme der nokon må vere inni å leike Aslan. Den løvekostyma er forresten utstillt på eit museum ein stad. Dit må eg å sjå ein gong.
På bileta her ser ein fyrste filmatisering av Narnia med bilete av Aslan. Det nedste bilete er av den nye versjonen av Aslan. Eg saknar nesten den fyrste Aslan, for han ser så mykje søtare ut enn den nye. Men eg har vent meg til den nye no. Han har mørk og kraftig stemme som gjer rolla hans overbevisande. For dei som ikkje visste det er Aslan ein metafor for kristendommen sin Gud.

Det er nye tider no, og det viser godt i Disney sin versjon av Narnia (tredje film Century FOX). Etter wikipedia godkjente også etterkomaren av Lewis grafikken før han godkjente filmatiseringa. Fyrste filmen var Løva, Heksa og Klesskapet, andre filmen Prins Caspian og den som me såg, Reisen til det ytterste hav. Eg synes filmen var spennande, kanskje litt seige scener av og til, men det store bilete likte eg. Der var nokon vriar i forhold til bok og tidligare filmatisering, men dei øydela ikkje på noko vis. Vidare reknar eg med dei iallfall filmatiserar Sølvstolen. Dette er bøker som tidlegare har vore filmatisert. Eg synes det hadde vore enda meir interessant om dei tok med Hesten og hans gutt og Drømmen om Narnia. Men mitt aller største ønske ligg i at dei filmatiserar den siste, og etter mi meining beste, boka. Dette er sjølvsagt snakk om Den siste striden. 

(Sandra he fått sej fotoapparat)
Dagens visdom:
"All shall be done", said Aslan
Dagens visdom:
"All shall be done", said Aslan
tirsdag 4. januar 2011
Nytt år, nye moglegheiter!





Dagens visdom:
Twilight is the start of night,
but the end of the light..
Abonner på:
Innlegg (Atom)