torsdag 22. juli 2010

Brått så stille på bloggen det vart,,

Mandag byrja eg som nemnt å jobbe på ferskvara på Mega i Volda. Etter eg byrja jobbe er har det ikkje vore tid til å gjere så mykje anna enn det. Dermed vert det forferdeleg lite å skrive om. Kan einaste vere om eg brått føler for å brenne for eit tema. I helja skal vesle Petter døypast, så då går turen til Oslo/Asker. Då vert det kanskje noko å skrive blogg om på mandagen igjen. I mellomtida gjer eg meg akkurat no klar til å reise på seinvakta som byrja klokka ett, og sluttar kvart over ni. Den vakta føles så uendeleg lang av og til, men håpar det går fort i dag. Er forøvrig mykje kjekke folk å jobbe saman med bak i ferskvara, så det er kjekt å kome på arbeid som oftast! :) Her har du ein smakebit frå jobb, dog bilete er tatt i 2007! ^^
I dag har forøvrig ej og Ole Andreas månadsdag. Gratulerer til oss! :D

Dagens visdom:
Korkje regn eller vind
kan temje våre sinn..

Ingen kommentarer: