Fredag reiste me atter ein gong til Oslo. Ej, Ole Andreas og Sunny i ein bil, og mamma, Stein Jarle og Anja i den andre. Det gjekk fort nedover, og brått var me framme på Innspurten 4a. Denne kvelden for me ut for å ete på den so høgt omtala Big Horn Steak House. Der va nydeleg biff (men også dyr biff). Dei få restane som va igjen tok eg sjølvsagt med heim til Anja og Sunny! :)
Laurdag fekk Anja og Sunny fylle T-bane for fyrste gong. Det gjekk fint det, men litt skeptisk begge to. Reisa gjekk til Majorstua, slik at me kunne vandre rundt i Frognerparken, og sjølvsagt også sjekke ut Vigelandsparken. Kjekke som me er vandra me oss også inn på hundeområdet der oppe. Dette var ikkje ein populær ting, då Anja hadde løpetid. Brått hadde me seks kåte hundar på slep etter oss, og to illsinte eigarar.. Me vandra oss raskt nedover mot andre delar av parken, og mata litt ender. Anja og Sunny prøvde også temperaturen i vatnet. Det vil altså seie at dei prøvde å fange brødbitar og ender. Seinare på dagen for me ut til Asker for å hjelpe til å lage til til den store dagen. Så grilla me oss mat, og song til heile nabolaget.


Søndagen gjekk med til barnedåp. Fyrst var me i kyrkja, so lufta eg hundane, så åt me koldbord, så lufta eg hundane, så åt me kaker og dessert, så lufta eg hundane, så var det fotosession, så lufta eg hundane, så rydda me opp. Ein gjevande dag med andre ord! :) På kvelden for me inn att til Oslo. Der såg me filmen Tomme Tønner, åt sjølvsagt Peppes Pizza til (med Pom. Fri. oppå !!) og drakk Coca Cola.
Helgas visdom:
Barnet er til fonten båren..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar