lørdag 22. mars 2014

Tid for hund..

Eg har lenge hatt ei stille periode innanfor temaet hund. Eg mista vel eigentleg piffen så Junah for etter bilar i fjor vinter. Sidan den gong har me på ein måte mista tilliten mellom kvarandre, og det gode treningsforholdet me hadde.

Å trene med ein hund du ikkje stolar på er ingen god følelse. Eg vert usikker, då vert hunden usikker og resultatet vert elendig. Trening vert frustrasjon, trening vert kjipt, ein sluttar å trene.

No har me vakna opp att frå dvalen. Det er på tide å sparke seg sjølv i ræva å gjere noko med problemet. Denne helga deltek me på kurs i rallylydigheit. Ein kjekk sport med variasjon og litt spenning i. I tillegg har eg no bestilt boka "slipp kontrollen løs". Eg håpar denne skal hjelpe oss å kome i gong med konstruktiv trening og bygging av nye, gode relasjonar.

Neste helg er det konkurranselydigheit som står på planen. Eg håpar berre me kan allereie ha komt i gong med gode treningsvanar til då. Ein får ikkje ein lydig hund gratis.

Dagens visdom:
Einaste vegen ut av mørket,
er mot lyset..

Ingen kommentarer: