lørdag 22. februar 2014

"Vinterferie"

Som lærar har ein nokre goder. Ein får ein sokalla "vinterferie". Mange lærarar ute i Noregs land sit nok å arbeider i denne veka, men eg som ikkje er 100% har naturleg nok litt tid til overs. Nærare bestemt, eg MÅ ha tid til overs. Når ein fyrst har bestemt seg for å gjere ein eigeninnsats i leiligheita si, då må ein nesten gjere det også. Og kva tid er ikkje så flott til å gjere det som ein sokalla FERIE.
Fyrste helga tok eg meg rett nok fri. Kvitfjell, fleire meter snø, jacuzzi, ski, hundar, kulde, god mat, godt selskap. Treng eg å beskrive det meir? Herlig avkopling. Ekte feriefølelse. Ski inn og out vart rett nok litt lenger enn me fyrt hadde håpt på, men kva gjer ein ikkje for å få gleda av å køyre den svarte OL alpintløypa til endes? Det var godt å kjenne snøen knase under føta igjen, kjenne kalde snøfnugg bite meg i kinne, og sjå hundane mine verte 6 mnd og galne igjen. Ei verkeleg oppfrisking i ein travel kvardag.
Mandags morgon måtte eg slå om innstillinga. Leiligheita på Mork lagar seg ikkje sjølv, eller det vil seie, eg håpte den gjor det. Likevel må eg bite i meg den harde straffa for å seie at det eigentleg ikkje er så verst med slette veggar. Slette veggar. Kvifor gjere det enkelt? Panelplater som dei spikrar opp, alt er ferdig, null stress. Neida, me skal ha slette veggar. Det verste av alt, me skal fikse det sjølv. 

Sant skal seiast er det finast, så ein får vel kanskje berre tåle det. Så då var det berre å reise på handel å få tak i sparkel, spader, maling, kostar, rullar, lim, strier, litt meir maling, grunning og alt ein skulle ynskje seg om ein var med på serien "Grottenveien". No har eg forresten total respekt for at ting gjekk litt seint der.
Å sparkle var jo ikkje så verst. Gjekk greit det. Nesten litt artig. Dag 2 fekk eg pusse for fyrste gong. Funka bra det. Sparkelen berre jamna seg fint ned i støv ein berre kunne ha drøymt om å ha i sandkassa.  Og så sparkle ein gong til. Ein kan nemleg ikkje gje seg på fyrste tur, ein må alltid prøve seg enda ein gong. Så kom dag 3. Sparkelen nådde nasa, halsen, håret, kleda. For kvart puss kjente eg kor det sveid i nasa. Ære vere dei som sniffar ditten og datten, mi nase taklar ikkje ein gong sparkelstøv. Så kom nysa, hosta, irritasjonen. Eg pussa hardare, det støva meir. Henda vart sletne, det støva enda meir.

Det var då eg innsåg at eg ikkje er skapt for verken oppussing, nedpussing eller anna pussing. Er vel ikkje dame nok til å takle det. Eller eg har rett og slett ikkje interessa. Det var vel då eg spurte meg sjølv kva me ikkje valte panel for, eller berre la i litt ekstra penga og fekk nokon andre til å gjere det. Men kva klagar eg etter? 100 kvadratmeter med vegg? Det må eg vel tåle.
Dag 4; tapetstrier og grunning. Du har vore gjennom dei same veggane fire gongar allereie, i gode og vonde dagar. Så skal du jammen gå over dei igjen. Er det jamnt her? Ser det bra ut her? Kan eg grunne der? Eg rullar augene, og grunninga over dei søte, små, grå sparkelflekkane. Eg får ein kommentar her om at eg rullar for lite, ein kommentar der om at eg rullar for mykje. Eg rullar augene og fortsett i indre stillheit. Gutane startar med tapetstrier og eg snik med unna med anna viktig arbeid. 

Strier er som kontaktpapir på bøker. Pass deg for bobler og kantar og for all del, lim det beint! Skal ikkje vere enkelt. Eg ser at det er fleire enn eg som byrjar verte lei av veggane. Dag 5 er liksom ikkje allverda med tid, men striene må opp. Eg får heldigvis sette skifer grå farge på ein kontrastvegg på soverommet. Då får eg fred til å tenke eigne tankar, eller vent litt. "Du må pensle fyrst!", "Du må byrje øverst", "du må gjere det jamnare", "du må ha på meir". Jo flere kokker jo mere søl seier eg stillt inn i meg å fortsett på min eigen måte. Helst opp ned for å sette strek på alle dei gode råda. Det er jo eg som skal sove her å sjå på veggen. 
Helga er slutten på vinterferien min. Denne helga skal eg lime strier, male veggar og sukke tungt. Søndags kveld skal eg manne meg opp til å stå opp tidleg, og legge meg seint. Eg kan ikkje anna enn smile av heile styret. Det er jo sosialt om ikkje anna med alle desse ekspertane og hjelparane til stades. Eg morar meg kanskje nokre minutt i blant. Eg veit jo tross alt å setje pris på resultat, det ferdige produkt. 

Lat meg seie det rett fram. Eg er ingen interiør eller oppussingsbloggar. Det kjem nok aldri noko vetig fram av det eg skriv, men kanskje neste gong du står med sparkelstøv langt opp i dine pulippar, så hugsar du at eg skreiv så vent røyndomen. God helg folkens! Puss med måte!
Dagens visdom:
Ferie er å gjere noko anna enn kvardagen..

Ingen kommentarer: