onsdag 28. august 2013

Junah 3 år!


For tre år (27.08.2010) sidan vart fire søte små født på Lillehammer. Tre tricolor tisper og ein blå hann. Den datoen hadde eg ingen planer om å skaffe meg ein kvalp, og få kunne ane at 14 dagar seinare skulle eg melde mi interesse for ei tric tispe.
Junah var ein vinterkvalp. Eg har ikkje tal på kor mange gonga eg stod ute i kulda å venta på at ho skulle gå på do. Det tok sann tid, de anar ikkje. Det treigaste eg nokon gong har vore bort i. Må ikkje tru det har vorte betre med åra, men no gjer ho ikkje noko inne lenger iallfall.
 Åra har gått så fort. Me har allereie vore gjennom så mykje saman. Kvar dag finn ho ein ny veg inn i hjarte mitt. Snart tek ho over heile greia. Me har utallige kurs underlagt, og me har felles mål for det neste året. Me skal fullføre Klasse 1, me skal byrje på klasse 2. Ho er med gjennom eld og vatn, det er nok det som gjer ho så kjær.

Gratulere med dagen Junah!
Måtte du leve evig.

Dagens visdom:
You are the sunshine of my life,
past and future..


Ingen kommentarer: