søndag 11. august 2013

Hausten er på veg..

Forrige helg var heile familien Løvik pluss ymse til Storefjell. Dette er eit høgfjellshotell på Golsfjellet. Laurdagen var ikkje veret noko særleg, men me kledde oss opp å gjekk ut på vidda. Etter ein halvtimes tid såg me lyna som herja. Då tok me hintet å snudde heim. Dermed fekk me med oss både lunsjen og bading på hotellet.



Søndagen etter slo veret om. Gutane tok seg ein flygetur, men eg og hundane foretrakk å vere på viddetur. Me valde oss ut ein flott rundtur og fekk bruke fleire tima ute i sola. Det var herleg. Bilete frå sjølve vidda ser du øvst, men dette bilete vart tatt på ein av rasteplassane.

Meda me venta i resepsjonen søndag tok me høve til å trene litt lydigheit. Junah apporterte hundeposane og låg i dekk midt i resepsjonen. Viktig å utnytte situasjona!

Så var me tilbake i Dalsfjorden. Ein morgon i forrige veke bestemte eg meg for å lufte på hunderommet. Så eg sette opp glaset og gjekk ut for å lufte hundane. Akkurat i det eg svinga av ned att og heim haure eg eit plask. Eg tenkte Ole Andreas hadde hive noko på sjøen, men så haure eg ei grusomme remjing. Det skulle vise seg at Erin hadde klatra ut glaset på hunderommet og falt ned i sjøen.
 Her kan du sjå katten sitt forsøk på å kome seg opp att, men ho datt berre fleire gonga ned att i sjøen. Det heile enda med at Ole Andreas vada ut å henta ho.
Kanskje har ho lært, kanskje ikkje. Ho er iallefall litt av ein sirkus og klatreartist. 

No går ferien mot slutten og eg må bruke det meste av tida på å skaffe meg arbeid, og starte instruktørkurset som byrjar til helga. Sumar har eg ikkje opplevd så mykje av, så den får eg ta igjen ein gong..

Dagens visdom:
Wazzup doc..?

Ingen kommentarer: