onsdag 31. juli 2013

Frå leik til lydigheit til camping..

 Onsdag pakka eg og Hege bilen og kaure nedover til det fagre sørlandet. 11 timar tok turen nedover, og me var noko leide når me kom fram. Veret viste seg frå si beste side, men det skulle vise seg å vere for varmt til å vere ute dei neste dagane. Me sjekka inn på Nidelv Camping. Me to, og tre hundar, på ei veldig lita hytte utan innlagt vatn. Sa eg forresten at det var minst 40 grader i hytta den dagen me kom?
 Målet med turen var eit kurs som heitte "Fra leik til lydighet". Dette var med instruktør Siv Svendsen og i samband med amokk. Kurset starta torsdag morgon og var ferdig søndag ettermiddag. Siv hadde forskjelige tema for kvar dag, og skapte ein spennande heilskap til kurset, samstundes som våre eigne ynskjer skein gjennom. Mine ambisjonar for helga var å kome vidare på stå under marsj og spesielt apport. I tillegg såg me nærare på ruta og naseprøve.
 Kvar dag vart me inspirert me forskjellige tema. Dag ein vart me introdusert til ei rekke leikar som kan vere nyttige å bruke i treninga. Eg kan mellom anna nemne stolen, indianarleiken og jaktinnkalling. Desse var ein fin inspirasjon, og gav iallfall meg kreative idear til seinare treninga.
Bilete lånt av ivrighund.com med løyve
 Den fyrste dagen arbeidde me mykje med å lære hunden at det er artig å vere saman med oss. Eg prøvde meg med litt leik på Junah denne dagen, men det vart ikkje så alt for populært. Ho var derimot med på "leiken" når godbitane kom fram. Me fekk byrja på indianarleiken og nokre jaktinnkallinga. Neste dag vart det ei fin balanse mellom det å springe og det å tenke. Dagen starta eigentleg koselig ute med forskjellige gjenstander som balanseballer og gildebagger. Her fekk hundane utfordringa med å balansere på, gå oppi, gjere triks på, eller andre liknande øvingar. Dette syns Junah var kjekt.

Etter det fekk me fortsette me frammadsending og apportdirigering. Junah diggar å trene dette. Ingenting er som å få godbit i skål. Så fekk me fortsette på apporten. Junah har så lenge nekta å plukke den, men jammen det plukka ho den for fyrste gong. Apport er vel den øvinga eg føler me kom aller lengst på under kurset.

Bilete lånt frå ivrighund.com med løyve
Dag 3 handla om kjeder. Dette er noko Junah og eg må verte flinkare med. Det handlar om å lære hunden å gå lenger utan belønning. På konkurranse får ein trossalt ikkje pølsebitar for kvar ting ein gjer. Me gjekk derfor mange forskjellige kjeder denne dagen.

Siste dag handla det om konkurransetrening, Her øvde me med mykje forstyrringa, og var ein av dei få dagane me kunne vere utandørs. Både eg og hunden var byrja verte ganske så slitne denne dagen, men me kom oss gjennom både stå, apport, nokre fellesøvingar og til slutt litt naseprøve. 

Alt i alt var det eit gjevande kurs med mykje inspirasjon og motivasjon. Me har no fått mykje å arbeide med, og mange idear til ei meir kreativ og mindre firkanta trening. No gjeld det berre å setje seg mål for framtida å trene mot det. Tusen takk til Siv for eit strålande kurs, og tusen takk til Katarina og Marta for flotte bileter av oss. Og sist, men ikkje minst ei stor takk til Hege, ein kjekk reisepartner og campingfrende. Me hadde det godt på Nidelv Camping! :-)

Dagens visdom:
It's in the wind the leaf leaps forward..
 

Ingen kommentarer: