søndag 2. juni 2013

Nokre bilete utanom eksamenslesing..

Junah er no påmeldt utstillinga på Vestnes i slutten av juni. Dette vert ei utstilling me er ekstra spent på, då me i det siste har gått utstillingskurs og fått mange gode tips til korleis me skal stille oss opp, springe og andre smarte triks. Det ligg derfor ein del forventningar til denne dagen.
 Det har vore nokre flotte dagar den siste veka. Sumartemperatura, men diverre lesing innandørs. Likevel har eg sneke meg litt ut for å nyte sola, eller å sitte i skuggen med notatar. Anja seier slett ikkje nei takk til varme og kjærleik.
Etter mykje leiting har eg endeleg funne namnet mitt på dei berømte Coca Cola flaskene. Det var storstas, og sidan eg og har skaffa meg instagram, var dette eit "must" å poste!
Den som kunne vere ein hund, 
ligge i sola å nyte kvar stund,
Tenke på lite, og nyte sekund
Den som kunne vere ein hund..
 I går gifta Mari og Per Arne seg. Dette var eit nydeleg bryllaup, mest fordi bruda var så innmari flott. Her er bilete av alle jentene eg gjekk i fyrste klasse med. Ein herleg gjeng. Var kjekt å kunne samlast i ei så gledeleg hending. Tusen takk for at eg fekk dele stunda med dykk, Mari!
 
 Her er då eg og min betre halvdel. Legg merke til den flotte matchande skjorta hans. Guten har fått seg Moods dress. Så det er ikkje noko tull. Ein lærdom som kom ut av bryllaupe er at det er eit herk med stropplaus kjole..

Dagens visdom:
Og størst av alt er kjærleiken..


Ingen kommentarer: