søndag 23. juni 2013

Kreta - Agia Marina

 Forrige veke var eg og Ole Andreas til Kreta. Nærare bestemt budde me på Iolida Star på Agia Marina. Sjølve Agia Marina var ein ganske "død" og stille stad. Der var hovudsakleg ei strand, hotellrestaurant, eit super market og ei minigolf bane. Dermed var me avhengige av å utforske området for å finne litt liv.
 Liv fann me til dømes inne i byen Chania. Her var ei vakker havnepromenade med mykje butikkar og restauranter. Dermed fekk me dekka vårt shopping og matbehov der inne. Det kosta vel ca 13 euro å ta taxi dit, så var ikkje den verste utgifta. Viss me skulle frykte å svelte ihjel hadde me sjølvsagt tilgong på det meste på vårt lokale super market. Der hadde dei til dømes Coca Cola med greske namn, ei fasinerande greie.
 Ein av dagane reiste me på utflukt med Apollo. Då tok me båten som du ser på bilete her og reiste ut til ei øy dei kallar Gramvousa. Dette var visst både ei øy for flyktningar og liknande ein gong i tida, og me fekk oss ein liten fjelltur opp bakkane for å nyte den oppskrytte utsikta. Ting vart likevel satt litt i perspektiv og me kunne nyte dei tørre bergknausane som Kreta stort sett er laga av. Trimmen var god, men heldigvis skulle me til ein langt meir attraktiv stad etterpå!
 Baloslagunen. Sjø på begge sider, Sand syr øydelane saman. Heilt klart vatn. Det føltes som å symje i symjebasseng. Sanden var kvit, og på eine sida var det langgrunt med varmt vatn, og på den andre sida var det iskaldt vatn. Ein deilig stad eg trur eg kunne nytta i fleire dagar. Me var glade me tok denne utflukta. Var litt koselig med den båtturen også.
 Mykje trakking, shopping, soling og andre opplevingar. Det var stort sett det turen handla om. Me opplevde ikkje landet som spesielt billig, men det var spennande å sjå på lokale varer som keramikk, knivar, stein osv. Dei fleste folka var hyggelege, og mindre påtrengande enn til dømes tyrkara.
For å få ligge på stranda til hotellet måtte ein betale 3,5 euro per person. Ingenting var gratis anna enn internett ironisk nok. Hotellrestauranten åt me på fyrste kvelden. Dei hadde ein litt artig patent. Me bestillte biff. Denne fekk me servert på ein stein, ein veeeeldig varm stein. Biffen var så vidt steikt, men steinplata var så varm at me kunne steike den akkurat slik me likte den, fasinerande, men heilt ærlig så går eg ikkje på restaurant for å steike maten min sjølv. Det fins då grenser.
For å oppsummere turen hadde me det veldig fint. Det var fredeleg, avslappande, samstundes som det var spennande å oppleve kultur, mat og shopping på ein annleis måte enn i Noreg. Mykje var typisk syden, medan andre ting var nytt. Generelt var det veldig mykje lauskattar, og nokre få hundar. Når me satt på altanen på kvelden haure me hundane gøy. Eg trur eg kan konkludere med at det var ein fin tur, men at me kanskje vel eit meir "aktivt" område neste gong. 

Dagens visdom:
It's the journey itself who makes the experience..

Ingen kommentarer: