torsdag 13. juni 2013

Ein promblemhund si vedkjenning..

Anja var fødd i eit kull med åtte kvalpar. Som den halve beagle ho var, elska ho både folk og dyr. Miljøtreninga var voldsom då ho var kvalp. Me møtte alle typar folk, og dei fleste type hundar. Alt våt så lett for den problemfrie og tøffe Anja. Ei sytalaus tipse som elska alle. Ho fekk nokre år på baken og vart ein trygg og sikker hund som ein kunne ta med seg overalt. Akkurat slik ein hund skulle vere, men sjølvsagt litt sta slik som rasa tilseier og litt smårusk måtte ein rekne med i oppdragelsen av hund nummer ein.

Anja hadde sine tura aleine, ofte med ein eigar med hjarte i halsen. Som regel gjekk det greit. Dei fleste hadde sansen for ho. Litt svakt ressursforsvar var der frå grunnen av mot andre hundar. Aldri slik det vart eit problem.

I sitt tredje år møtte Anja ein vegg som aldri vert gløymt. Eit uprovosert uhell, som endte i store skader på henne. Auga vart blå, ho hadde fleire tannmerker, trykkskader, og spesielt eit djupt sår i foten. Me var til veterinær, desverre ikkje vår faste. Ho fekk medisinar og pleie, men såg ut som ein mishandla kvalp.

Dei fysiske såra forsvann, men andre hendingar byrja dukke opp. Dei psykiske traumane satt djupt og inderlig i Anja. Etterkvart som situasjona dukka opp, kom dei skjulte såra fram. Anja skulle ha vaksine med vår faste dyrlege kort tid etter hendinga. Dyrlege var aldri eit problem for Anja. Ho elska det. Me hadde bygd tillitt.

Halen senka seg med ein gong me gjekk inn døra. Ho var ukomfortabel for fyrste gong. Dyrlegen vår gjor sitt beste, men hunden var usikker. Bordet var verst. Fra trygg til livredd, som over natta. Me må fortsatt trene på bordet..

Me byrja merke andre ting. Anja likte ikkje lenger andre hundar. Den sjølvsikre, trygge hunden vart til ei usikker og redd tispe. Redd for andre, men på ein utagerande måte. Dette bredde seg vidare til eit betydelig auka ressursforsvar, ikkje lenger berre mot hundar, men også mot folk.

Hunden som likte alle var no ei eksplosiv bombe som var farleg å ta med overalt. Hormona vart ei stor styring for humøret hennar, og det vart til slutt Inga anna løysing enn å ty til kastrering. Ei stor påkjenning både for eigar og hund.

Tida etter kastreringa har vore lang, tung, og i bølgedalar. Det tok lang tid før eg greidde å seie til meg sjølv at eg har ein problemhund. Eg har ein hund eg ikkje kan ta med på offentlege stadar, ein hund som eg prøvar dagleg å legge til rette for, slik at me unngår ubehagelege situasjonar. Ein hund som treng ekstra omsorg.

Mykje har vorte betre for Anja etter trening. Somme ting sit ennå djupt. Det er vanskeleg å snu, og nokre gongar må eg spørje meg sjøv om eg orkar dette. Eg var nylig på treff med alle søskena til Anja. Utadvendte, sikre, sosiale og trygge hundar. Den Anja eg ein gong kjente. Treffet var på mange måtar ein suksess, alle leika fint saman, Inga knuffing. Men Anja stod i bilen. Ho takla det ikkje. Ho var usikker, ho var livredd, ho var sint. Det var einaste utsjånad som var likt med søskena. For meg var dette ein av dei større nedturane i åra som hundeeigar.

Hunden min er ein problemhund, ein hund med åtferdsproblem. Ein hund ikkje kven som helst taklar, eller bør vere saman med. Frå superdog til underdog. Det er slett ikkje rettferdig. Nokre dagar går det heilt fint, den neste dukkar det alltids opp noko nytt.. Gled dykk over gode stunder, ein dag kan alt anu på hovudet..

Ingen kommentarer: