søndag 7. april 2013

NCK utstilling i Bergen..

 Fredag morgon reiste eg og to trivelege jenter nedover til Bergen. Målet med reisa var NCK utstilling laurdagen i Lysefjord Ridehall. Fredagen brukte me på litt sightseeing i byen. Stine var med som guide, heldgivis, slik at me fekk dei ultimate turopplevingane. I tillegg fekk me gå innom dei viktigaste butikkane, som for meg denne gong var Outland
.

 Til kvelden gjekk me opp på Fløyen og fekk oppleve ein nydeleg solnedgong.
 Junah og gutta på tur. Det var kjekt å vere ein del av gutteflokken, men Junah syns dei også var litt travle. I tillegg var det skummelt med stupbratte fjellsider.
Natta tilbringte me på Marken Gjestehus. Eg og Junah hadde einerom med køyseng. Rommet var slett ikkje stort, men stort nok for oss to. Me kosa oss med godteri, litt Naruto og ei deilig mjuk seng. I tillegg gjor me litt finpuss på føtter og pels før me la oss. Desverre var ikkje natta så alt for lang.

 Så kom den store dagen. Me var oppe halv sju, avreise frå Bergen kvart på åtte. Det hadde snøa ein del på natta, så det va variert føre. Så kom me fram til ein ridehall me aldri hadde vore i. Mold og hestelort var underlaget. Var slett ikkje enkelt å halde små, nyskjerrige, kvite sheltiepotar unna graving, rulling og tulling. Hadde Junah tatt noko val her hadde ho vore brun før me hadde kryssa hallen. Thareq var fyrst i ringen, med gode resultat. BIR, og BIS3 kvalp. Tenkjer han var fornøgde med det. Så kom ventetida. Me stillte for Peter Muzlai. Han var ein grundig mann, så ting tok tid. Ridehallen var veldig kald. Ingen av oss hadde eigentleg nok klede, så dette vart ei kald oppleving. Heldigvis var der mange flotte colliar og sheltiar å sjå på.
 Seks timar seinare stod eg og Junah klar for ringen.
"2,5 years old tric. Neck a little short, good head, somewhat widely placed ears, good length of body, chest not deep enough, sufficient movements". Dette var altså kritikken me fekk. Kanskje ikkje den beste kritikken, men me enda iallfall med Excellent (raud sløyfe) og 4. plass i åpen tispeklasse. Dette er i seg sjølv eit framsteg frå forrige utstilling, der me enda med blå sløyfe. Me må derfor berre prøve vidare, og kanskje ein dag dukkar CK'en opp for oss også. For meg er iallfall Junah BIS (Best i Sofaen) uansett kva denne ungarske mannen meinar.

 Her har de konkurransetispene våre. Tre flotte soble, som diverre slo oss denne gangen. Sånn er det i konkurranse. Fekk meg ein positiv overrasking over at Junah ikkje var noko spesielt større enn alle andre. Ho har sunke i sjelettet å vorte ein meir "standard" i størrelse. Ein bra ting for framtida.

Etter utstillinga satt me bilen på FULL varme, og sette vegen heim. Stort sett fine vegar, men me bomma med 45 min på Anda. Der fekk me dermed lufta oss godt. Frå Eid og siste rest heim var det grusomt å køyre. Blankis, skodde, snøstorm og det som verre var. Det var godt å kome heim, etter mykje frysing, men mykje latter og gode diskusjonar. Takk for ei flott helg hundar og folk!

Dagens visdom:
It's a dog life..

Ingen kommentarer: