lørdag 27. april 2013

Anja 5 år!

 I dag er det fem år sidan Anja var fødd saman med sju andre håpfulle ut på Leikong. Det siste halvåret har eg prøvd å spore opp desse hundane, og eigarane deira. Målet var å samle alle i ei facebookgruppe. Eg fann etterkvart fleire og fleire. Til slutt spora eg fram alle med unntak av ein. Den siste har eg leitt lenge etter, men har diverre ennå ikkje lukkast. Kanskje kjem det fram ein gong kvar den vart av. Den drog visst til Haugesund den gongen.

I høve femårsjubileet ytra eg ynskje om å samle gjengen. Eg har jo alltid vore nyskjerrig på korleis dei andre hundane vart. Dette ynskje vart vel motteke, og i dag samlast me for fyrste gong på fem år, for å treffast igjen. Slik gjekk det til:
 Her kom endeleg ho mor. Me var seks hundar frå kullet, og mor til kullet på treffet. Ho mor hadde god kontroll på ungane, sjølv no, fem år etter.
 Her har du overlukkelege Bo som vil leike saman med den einaste andre guten, Pondus. Mykje tispe, lite gutar. Er vel slik me damene likar.
 Her har me Susi. Einaste svarte i kullet, med mindre det er stygt å skrive. Ho er einaste som har fargen åt ho mor.
 Her har Kaisa satt på plass Susi, slik at ho oppfører seg på jordet!
 Luna var litt forsiktig i starten, men dette kom seg betrakteleg etterkvart. Det du sit å lurer på no, er nok kvar alle bileta av Anja er. Jau, det skal du få vete. Anja fekk ikkje springe saman med søskena sine. Etter ei uheldig episode med hundar for nokre år tilbake har ho vorte svært problematisk saman med andre hundar. Ein kan vel seie det slik at ho har vorte det svarte fåret mellom desse, desverre. Slik er det berre.
Her har du alle på treffet, frå venstre: Anja, Dina, Susi, Luna, Bo, Pondus og til slutt ho mor, Kaisa.

Dagens visdom:
The more we are together...

Ingen kommentarer: