søndag 2. desember 2012

Då var adventstida i gong..

 Den fyrste desember vakna me til kulde. Eg vakna bokstavlegtalt til kulde. Ovnen på stova var nemleg slått av kvelden før, noko som resulterte i 14 grader celsius inne på stova. Då var det ikkje særleg fristande å sette seg ned å ta ein roleg morgon for å seie det slik!

Heldigvis hadde eg avtalt med Eirin at me skulle fare ut med hestane. Dermed kunne eg skrive ein lapp til min sovande sambuar å røme frå huset. Jada, eg fyrte opp før eg for. Ute var det rett nok mykje kaldare. Minusgrader, så eg hadde kledt meg godt, alt for godt. Det reuslterte vel hovudsakleg i at eg var alt for stiv til å kome meg oppå hesten. Jaja, det gjekk seg no til med litt hjelp.

 Hestane høyrer til ute i nabobygda, men går for tida inne i Løvika. Det er tre islandshester. Eine er berre folen, så han er ikkje so mykje bruk i, men dei andre to er fine hoppe. Viss eg tenkjer meg opp har eg nok ikkje såtte på hesteryggen på nesten 10 år. Hadde du spurt meg noko om hest for 10 år sidan (mulig 15 år sidan) så hadde eg kunne svart på mykje. Eg kunne nok også fortalt deg ein god del om dinosaurar, ikkje at det har noko med saken å gjere, men det er jo same greia. Spør du meg i dag får du noko som "Ja, ekje d sånn der...?"
Hesteteorien min er med andre ord vag, og praksisen er tom. Fjols på hest kallar ein slikt, men kva gjer ein ikkje for ei gnagande interesse? Eg syns det var veldig gjevande å få ri, men kva ho stakkars hestejenta som var med meg syns er ikkje godt å seie. Mest sannsynleg tenkte ho inn i seg "Steik for ei wannabe-hestejente, kanskje ho bør drive med noko anna?", eller noko i den duren. For det var nok verken rett postitur eller kommando hesten fekk. Likevel satt eg på hesten når me dro ut, og satt på hesten når me kom attende. I tillegg satt eg igjen med ein godfølelse at dette er noko eg verkeleg likar å styre med. Herlig. Hest er best. Er det ikkje det dei seier?

Sånn frå spøk til alvor så var det kjekt å få vere med ut å ri. Eg takkar også min tålmodige rettleiar (som eg håpar les dette innlegget) for at eg fekk vere med på ridetur, og takkar for alle korrigeringar, som du mest sannsynleg med tryggheit kunne ropt fleire av. Håpar det vert fleire gongar. Det var alt i alt ei fin oppleving, og det varmar eit gammalt "hestejentehjarte". Takk for ein flott tur, til rettleiar og hestar! Og tusen takk til Moa som bar på meg heile vegen, eg veit det var tungt!
 Desember byr på mykje peiskos, som folk kallar det. Eg kallar det ikkje kos, eg kallar det kvalitetstid. Dermed vert det mykje rare stillingar i sofaen (nei Sindre, eg snakkar ikkje om kva folka gjer på). Her er ei av dei. Skulle tru sofaen var stor nok for alle tre, men Junah og Anja trur annleis. Junah nytter iallfall av plassen til Anja med stor margin!
 Så er det også fyrste søndag i advent. Lysa er sjølvsagt tende, og julegrantenninga er overstått. Ennå meir sjarm var det med desse nydelege isrosene på bilen min. Det er som Ole Andreas sa; Det ser ut som sommarfuglar. Eg er faktisk heilt einig. Det ser nydeleg ut, og høyrer så absolutt til i desember.
 Det var også ekstra kaldt i dag. 8 minus, og fosselva var meget frosa, som du kan sjå på bilete av Anja her. Litt småskummelt å gå over, men var verst for hundane. Sjølv med innebygde broddar vart det problematisk å krysse hellande stålis.
Introen til det kalde veret finn du her. Eit herleg skylag over himmelen. Det var forøvrig tatt på fredag, og var utsikta på veg heim frå skule. No skal eg nyte dei siste timane som er igjen av helga.

Ei god adventstid til dykk alle!

Dagens visdom:
Gjer livet til ein fest,
ri ein islandshest!

Ingen kommentarer: