torsdag 25. oktober 2012

Tur i godt lag..

 Når eg snakkar om godt lag, snakkar eg både om folk og ver. I dag kom vinteren til Sunnmøre. For tida pendlar eg til Eid, derfor passa det eigentleg dårleg. Likevel elskar eg det kvite dusket som strøymer ned. Spesielt i kontrast av nydelege haustfargar.
 Frost byr også på kunstverk i naturen. Uansett kvar ein snur seg er der noko nytt og spennande å beundre, å ta på. Desse tjoklane fekk derimot vere i fred.
 Me var på fjelltur på Eid i dag. Anja satt i bilen på byrjinga av dagen, medan me planla. Deretter samla me folket å drog ut på tur. Anja elska snøen, so mykje å utforske, å rulle i, å ake seg i. Verda er god å leve om vinteren, iallfall for ein hund med barnslege tankar.
 Etter kastreringa har eigentleg Anja sin pels dala nedover. No treng ho litt bekledning for å tåle kulde og snø. I tillegg heldt eg ho tørr.
 Då me kom litt opp i høgda fekk me sjå ned att på skodde og anna gråver. Me hadde eigentleg fint vinterver heile turen. Litt vind etter me kom opp av skogen, men var ikkje anna enn litt hår og nokre augebryn som fraus til, ja, osg så alt på Anja då.
Stolt og flink, og endeleg tur aleine utan masete småhundar.
Her er me på toppen av Rindehornet. Det er Ronja som tek bilete. Ho ville ikkje vere med på det, så då fekk ho den oppgåva. Bles friskt, men lukkelege og glade var me likevel. Skal mykje til å knekke optimismen i denne gjengen. Takk for turen jenter!

Dagens visdom:
Dei galne har det godt!

Ingen kommentarer: