Her er veret me forlot laurdags morgon. Då tok me fly til Oslo og gjor oss klar for cruise på danskebåten. Dette bestillte me gjennom "Se og Hør kampanja" som har lansert ein god del gratis cruise i det siste. Me valde å oppgradere så me i det minste fekk dobbelseng i staden for køyseng.
Her er båten vår, Crowns of Scandinavia. Dette var ein nokelunde stor båt med 11 dekk. Der var mellom anna 3-4 restaurantar og barar, sauna avdeling, taxfree og litt anna dill. Der va iallfall både mat og shopping.
Her er gangen der me budde. Rosa dører, rosa tak.
Søndag fekk me rundt 7 timar i København. Ein nydeleg by om eg skal få uttale meg. Me fekk med oss Magasinet (eit stort kjøpesenter), Strøget (ei lang handlegate) og eit imponerande gjennomført Tivoli.
Sidan det snart er Halloween var dette temaet i parken. Det var utruleg flott gjennomført og gresskar, spindelvev, etterkoppar og anna skummelt gjekk igjen overalt. Slik skulle det ha vore i fleire land, at me hadde litt meir gjennomførte tema..
Generelt var det ein koselig tur. Maten var god (men buffeen var for eksklusiv for min smak), og det var passe mykje liv på båten. Der var også mykje schleich dyr ute å gjekk, så eg har oppdatert den sida mi oppe ved banneret. Det var godt å vere vekk nokre få dagar..
Dagens visdom:
Danske pølser..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar