lørdag 20. oktober 2012

Flatbrød..

 Denne dagen har gått med til å bake flatbrød. Me var vel i gong i seks timar. Det gjekk likevel heilt greit. Me var tre stykker og tok unna to kg med havremjøl.
 Som du mogleg kan tenkje deg var kjøkkenet fullt i mjøl etter at me var ferdig, dermed vart det stor nedvask når me var ferdige..
 Hundane hadde også arbeid. Dei bestemte seg for å makulere eggpakkar over heile stova. Medan eg samla opp drog Junah dei ut att..
Junah er forresten sjukmeldt. Torsdag fjerna ho ein kul bak på ryggen. Forhåpentligvis ein feittkul, men den er sendt inn. Svaret får me om to veke eller noko slikt. Kragen plagar ho ikkje så mykje, ho er like aktiv med eller utan. Nesten slik at ho er litt søt.. :-)

Dagens visdom:
Er det reint mjøl i posen?

Ingen kommentarer: