fredag 3. februar 2012

Tid for helg, igjen..

No har eg desverre komt gjennom Ocarina of Time på 3DS'en. Det er litt trist, men det eg ikkje hadde fått med meg var at eg då unlocka Master Quest. Eg har aldri spelt heile master quest, så no er det berre å byrje på igjen. For dei som lurer er MQ same spelet, men med fleire fiendar, og litt andre oppgåver/retningar. Forøvrig går det veldig seint med Skyward Sword. Det er eit utruleg flott spel, men det er mykje meir komplisert. Komplisert er ofte også tidkrevjande.
Eg har også nyleg laga meg ein liten logo. Bestillte meg t-skjorte på spreadshirt der eg har denne på framsida, og Team Løvik på ryggen. Sånn eg likar det. Og frå det til ein annan ting. I går kom det snø igjen. Den var heilt perfekt i går kveld, men i dag er den øydelagt av litt for mange varmegrader. Håper den tek seg opp att til helja. 

Dagens visdom:
"I'll grant you the honour of carrying me."
- Princess Ruto

Ingen kommentarer: