lørdag 11. februar 2012

Det går rykter om..

I går fortalte naboen til sønnen til tanta til gutten som hadde gul genser som hadde haurt det frå han med den svarte gensaren, frå mora si, som hadde haurt det frå nabodama som hadde sett det i stoveglaset mitt på natta. Slik gjekk det altså til at ein uskyldig gåtur vart til mordarar i gata..
Rykte har ofte fasinert meg. Ofte står eg med spørsmålet "kvar kjem det frå?". Det er som om heile landet held på med kviskreleiken og ingen får rett svar, i det heile. Fjøyrer vert til tusen høns. Slik går det, bygd som i by. Fordelen med by er vel at du aldri får det tilbake. Kom ikkje å sei du ikkje ser fasinasjonen. Folks nyskjerrigheit er underhaldning, nokre gongar på andre si bekostning.
Så, kvifor er me så nyskjerrige? Kvifor vil me so svært snakke med alle rundt oss? Eg veit ikkje anna enn at eg kan vere nyskjerrig sjølv. Då må det som regel innehalde ordet "hund" eller liknande pattedyr. Me snakkar vel alle om andre, og deler eit rykte eller ti, eller? Ikkje veit eg kva som er normalt.

Fasinasjonen går derfor frå å høyre om rykte til å vere ein del av eit rykte. Seinast i forrige veke haure eg at eg skulle gifte meg. Jammen er bygda føre var. Alt Ole Andreas kunne svare til ho han fekk det fortalt av, var kven det skulle vere med. Av og til vert me slått i intelligens av ryktet. Eg har iallfall opplevd det nokre gongar. No er dette eit ganske ufarleg rykte. Om eg får gaver i posten fordi eg skal gifte meg, så er ikkje det ein bommert. Der er nok verre ting.

Desse verre situasjonane er det derimot ikkje så ofte ein høyrer igjen sjølv. Då må ein ha pålitelege kjelder ute i ryktefloda, som fortel kva folk seier om deg. Eg for min del har ikkje så stor interesse i å høyre kva folk seier om meg. Overhaure forøvrig tilfeldig på ferja her at eg vart omtalt som "dyrevernet". Jaja, tenkte eg. Då er det vel eg som har anmeldt alle dyresaker i fjorden då. Det har eg jo også vore anklaga for. Det er ikkje det eg sitt å syt over det, men kan du sjå litt fasinasjonen?

Rykte handlar om å legge ihop 2 + 2 og få resultatet 4. Eg kan drage meg sjølv som eksempel. Eg er litt over gjennomsnittet interessert i dyr, eg er medlem i dyrebeskyttelsen, er fosterheim og legg meg ofte bort i andre sitt dyrehald med interesse. Dette gjev då det matematiske stykket Dyr + dyrevern = dyrvernsarbeidar som står for å anmelde alle saker som gjeld dyr. Hovudmistenkt nummer 1 når ei sak omhandlar dyr.

DET er matematikk me fleste klarer å forstå. Sjølv eg som la igjen matematikken på VGS. Eg seier meg fortsatt imponert. Konklusjonar utfrå fordommar og antagelsar. Me sniker på andre sine facebookprofiler, leser blogger i smug, studerar naboen frå stoveglaset. Antek, snakkar om det, skapar eit rykte. Me elskar det. Det er som blod for ei vampyrtann. Me flyt på suksessen av å snakke om andre, på godt og vondt.
No sit du nok å tenkjer at eg har vorte sentimental, at eg er så utsatt for mange forskjellie rykter at eg snart knekk saman i gråt over kor grusomm verda er, og kor grusomme alle folka i denne bygda er. Kanskje kan du lage eit rykte om det også? Det kunne verte interessant. Så kanskje får eg høyre kor det går med nervesamanbruddet mitt, sånn om ei veke eller to? Jaja, shit la gå. Eg smiler til verda, så smiler verda tilbake, iallfall sånn nokelunde. 

Skulle eg ha sett verda med andre sine auge trur eg at eg hadde rett vorte forvirra. Altså, ein må for all del ha litt sjølvinnsikt, er ikkje det eg seier, men raske matematiske reknestykker passar seg ikkje inn. For å konkludere eit menneske må du ha kjennskap til det. Litt som ei likning med tre ukjente. Du finn ikkje den siste ukjente før du har rekna litt på det. Det var ein djup metafor. For Sandra sin del skal eg meddele at kvar ukjent er steget mot å verte kjent med nokon..

Dette vart mykje babl. Kva var egentlig konklusjonen her? Ikkje veit eg. Eg får høyre med naboen. Han er ikkje på facebook, men han veit kva eg styrer med. Fint for han, så slepp eg å hugse det aleine. For eg er litt dement. Eg skal innrømme det. Så, tilbake til rykte. Rykte. Smak litt på det ordet. Er det negativt eller positivt ladd ord tykkjer du? Spelar det eigentleg noko rolle? Kjem vel an på kva du er anklaga for.

Rykte er noko som alltid vil vere in. Det vil alltid vere interessant å snakke om andre sitt liv, og det vil alltid vere interessant å fortelje det vidare. Det går ikkje an å bekjempe ryktespredning, ein må rett berre gjere det beste ut av det. Eg ser alt for mykje syting og klaging på at ein er anklaga for ditt, eller har haurt datt frå folk. Klart det er ikkje kjekt om du er anklaga for seriøse ting, som du helst ikkje vil ha på deg, men gjer noko med det. Vis at du er noko anna. Dei som verkelg bryr seg bør jo ha ei viss peiling. Viss ikkje heng du med feil folk, sånn heilt seriøst altså...

Nei.. Dette vart som konklusjonen i ein alt for lang drama film laga i Hollywood..

Dagens visdom:
God natt!

Ingen kommentarer: