torsdag 23. februar 2012

Run free..

Eg har nettopp sett dokumentaren "The Cove". Denne handlar om delfinslakting i ei bukt i Japan. Her fangar dei inn fleire tusen delfinar, som dei stikk lange knivar inn i. Bukta vert fyllt med blod. Eit grusomt syn, eg angrar allereie eg fekk meg til å sjå den. Samstundes har eg godt av å sjå sannheita. I tillegg er dei plaga med at delfinkjøttet har høgt innhald av kvikksølv. Heile slaktinga er meiningslaus. Delfinkjøtt er ikkje særleg populær heller. Pur djevelskap spør du meg. Men så er eg imot all type kvalfangst. Uhumant, unødvendig. Menneske er eigentleg ein grusom skapning. Eg er ikkje stolt over å vere menneske...

Dagens visdom:
The truth hurts..

Ingen kommentarer: