fredag 16. september 2011

Yksnøya ein tur!

 Frå onsdag til i dag var eg og klassa mi på Yksnøya.
Her hadde me kurs i kystfriluftsliv. 
På dette bilete ser du båtane me rodde rundt på.
 Her er leiren vår. Lavoen eg sov i lak vatn alle vegar,
men alt går fint i godt lag!
Einaste dagen det var fint ver var i dag.
Ellers har me hatt regn, og smakt på det ekte sunnmørske kystfriluftslivet.
Me lærte knutar, sjøvettsreglar, båtuttrykk og andre artige og praktiske saker.
I tillegg åt me strandsneglar, albogeskjell og sauetang.
Alias, kort og Ligretto vart den store underhaldninga på kveldstid.
I tillegg heldt me på med "Ekskluderingsleiken" som eg ikkje forstod.
Irriterande.

Dagens visdom:
More than once..

Ingen kommentarer: