lørdag 10. september 2011

Tida flyg frå oss..

Det går opp for oss, når dagane sig på, at tida flyg frå oss. Det som var så meiningsfylt og godt for eit år sidan, snur brått til eit vondt minne. Dag for dag lev me livet vårt, utan å tenke på morgondagen.  Etter ein vond draum vaknar ein opp, ser seg rundt etter bevis på at draumen ikkje var sann. Ofte finn ein bevis, og kan legge seg roleg ned att på puta. 
Sola skein so fint den dagen, og varmen var herlig. Alt var herlig, livet var herlig. Livet var faktisk så godt at ei indre uro byrja plage meg. Ei uro om at eg hadde det for godt. Den vonde draumen gjor ikkje akkurat ting enklare.
Eg vandra meg ned til stranda, og sendte melding heim med spørsmål om dei etterlengta firbeinte. I det eg hadde plassert meg ved sjøkanten fekk eg eit svar om at alt var bra, og at Sunny skulle til tannlegen på mandag halv to. Det var jo heilt greitt, tenkte eg, og vart letta over å få avkrefta draumen min.
Det byrja nærme seg heimreise denne dagen. Me var byrja verte rastlause, og litt småleide av Sydenopplegget. Me måtte og ha oss ei siste runde rundt, før me gjor dei siste sjekkane til avreisa. Me fann ut kva restaurant me ville ete på. Ein eller anna Cæsar restaurant som såg veldig spennande ut. Kulturell, og lovandes. Så måtte me nesten gå til resepsjonen å sjekke kva tid bussen gjekk frå hotellet, og frå kvar.
Då me kom tilbake frå resepsjonen hadde dei ringt heimafrå. Eg måtte nesten ringe opp att, men eg kjende at uroa byrja stige. Eg kunne høyre at noko var gale, at noko ikkje var som det skulle. Så kom beskjeden. Draumen vart ein realitet, og eg kunne ikkje lenger vakne opp frå den. Der fanns ingen bevis på at den ikkje var sann. Verda knakk saman, i tusen biter. Uroa var ikkje lenger uro, tvilen var ikkje lenger tvil. Frykt vart realitet.

Reisa heim var lang. Mykje lenger enn dei fleste kan tenke seg. Å ha flyskrekk var ikkje lenger eit faktum. Kven bryr seg vel om flyet dett ned, når ein trur ein ikkje har meir å leve for? Der var lite håp, men håpet om at det ikkje var sant, at det var ein dårleg spøk var sjølvsagt tilstades. I tillegg kom spørsmålet; Kvifor meg?
Ingen fortjener dei følelsane og tankane som for gjennom meg dei komande dagane. Den neste dørstokken møtte eg når eg kom heim. Heim til tomrommet. Ein innser fyrst kva som har skjedd når ein får oppleve det, føle det på kroppen. Det er også då alt håp renn vekk.

Det er mykje tankar der ute. Alt for mange. Når alt hadde roa seg, og eg sat igjen med den indre sorga, fekk eg meg eit gjensyn med Sunny. Nok ein gong i draumane mine. Tre gongar skjedde dette. Var nesten som ho berre ville sjekke meg, og fortelje at ho hadde det bra. Uansett om det var oppspinn i mitt eige hovude, eller noke anna mellom himmel og jord, var det iallfall ei mild trøyst.
Eit år seinare, sit eg med dataen og har berre bileta og minna igjen. Saknet er der sjølvsagt også, i stor grad, men eg måtte gå vidare. Sunny var nok berre ein hund, men for meg var ho også mykje meir. Eg mista mykje den dagen for eit år sidan, og ingen kan erstatte det.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt fylgjer meg på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Ingen kommentarer: