tirsdag 28. september 2010

Tankar..

I dag fullførte eg og Anja kvalpe- og unghundkurset som Sunny og eg byrja på. Sunny fekk derfor kursbevis med namnet på sitt i dag. Vemodig at ho aldri skulle få det når ho var i live...

Eg satt meg ned med lekse tidlegare i dag. Me har eit fag som er ganske svevande i år. Me filosoferar, skriv atonal musikk og er veldig opne og improviserande. Dette faget går mykje på tankar og filosofiar over diverse ting. Leksa til torsdag skal me mellom anna skrive ned tankar rundt ordet meining. Det fyrste som fall meg inn var at der fins inga meining. Der fins inga meining for mej akkurat no. Alt var så meiningsfult og alt var så vakkert og verdt å leve for, men ikkje akkurat no.

Meining. Eit elendig ord. Eit ord som beskriver noko som ikkje fins for alle. Det beskriv det som er meint, det som skal skje, eller er noko som nokon meinar, tenkar, vil, ser som logisk. Det er eit utruleg vidt ord. Ordet gjer meg faktisk litt bitter. Kva er meininga?
Meining er å ha noko å leve for, noko å sjå fram til, noko å vere interessert og engasjert i, noko som gjer deg lykkeleg. Meininga er ikkje alltid lykkeleg, den er ikkje det. Kvifor er ho eigentleg ikkje det? Kvifor kan ikkje meininga berre vere lykkeleg?

Ein kan gjere det komplisert når ein snakkar om meininga med meining. Det forvirrar dei fleste. Etter å ha vore litt irritert over meininga, så fann eg ei meining. Det gjeld å sette seg mindre spørsmål enn kva som er meininga med livet. Kva er så meininga med livet? Me er vel her alle for ein grunn? Eg håpar det. Er det ikkje mykje bortkasta visst ikkje? Eller kanskje det ikkje er det?

Så etter å ha fundert ein del på dette temaet følte eg brått at ordet meining gav meir meining. Det vart ei indre styrke i staden for ei indre svakheit. Me lev for å ha noko å ta etter, noko å legge tyngda i, dette må da vel vere noko som har med ordet å gjere? Kanskje så enkelt som ein intuisjon om noko som skal vere. Eg merkar det er vanskelig å sette synonyme ord på ord som eg er van med å bruke i daglegtala er heilt håplaust. Eg finn ikkje eit godt synonym for meining. Det vert berre i setningane, noko som er bestemt, noko ein meiner, noko som skal vere slik... The sentence goes on..
Dagens visdom:
Find your thing to live for..

Ingen kommentarer: