torsdag 2. september 2010

Eit tredje farvel, Moony..

Familia som ein gong var stor..

Det vert sagt ei ulykke kjem sjeldan aleine, slik har det vore her i det siste. Tre kaniner på tre veker er gått tapt. Moony vart fødd 1. april 2003, og er av rasa dvergwedder. Me kjøpte han på dyrebutikken i Volda i trua om at han var ei hokanin. Han skulle nemleg bu saman med Bonnie og Sølvi. Dette fungerte på ingen måte, så me måtte improvisere ihop eit eige bur til Moony. Deretter kjøpte me Mulan, som partnar og resten av historia seier vel seg sjølv. Moony og Mulan var eit ektepar utan like. Dei satt alltid ved sidan av kvarandre, og slikka og vaska på kvarandre. Moony har alltid vore ein "whatever" gutt, som likte best å slappe av og kanskje ta nokon lykkebyks ein gong i blant. Han var også matglad, og bestemt om det gjald ting han ikkje ville. I dag sovna han inn, etter ei lengre periode med lettare sjukdom. Einaste spora som ligg igjen etter Moony og Mulan her i heimen er dermed Helene. Det er også fint å tenke på at to av ungane deira fortsatt lever i beste velgåande i Ørsta.


Takk for ei fin tid saman Moony, kvil i fred!

Ingen kommentarer: