lørdag 3. april 2010

Våren e her!


No håpe ej at våren e her på ekte og at der ikkje kjem fleire uønska snøbyge. I dag he sola varma, ej he gått uten ytterjakke heile dagen, fått start på scooteren, Ole Andreas he vaska bil, saudene e byrja lambinga, tjelden er komen, hunden e i våryr og alt er berre so deilig med ein gong ein går ut for døra. Ein kjenne vårlukta rett og slett. Eg må seie eg gled meg skikkelig til sommar!

Alt eg greier å tenke på er viser og 17. mai musikk. Blomane kikar opp og grase byrjar spire.

Dagens visdom:
Og vesle lerka ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri frå sno
Då hev ho i med sin gladaste song
så trur ho på vår med ein einaste gong

Ingen kommentarer: