torsdag 22. april 2010

Kunngjeringar!

No er me snart komne til mai, berre ei veke igjen omtrent. Mai vert nok ein travel månad, det brukar an alltid å verte. Det fyrste som skjer er Med kjærleik i fokus konsert komande søndag, altså 25. april, på Dalsfjord Skule klokka 17:00. Den er open for alle, til og med gratis. Tysdagen etter, 27. april, fyller godjenta mi 2 år, det vil då seie Anja. Me ser fram til å feire dagen hennar!

Så hoppar me til mai der det er Kammermusikkfestival 6. - 8. mai, Stine har gebursdag 11. mai, eg har gebursdag 15. mai, so kjem 17. mai, og so kjem den tida som eg har venta på ei god stund no, nemleg slutten av mai! Kva skjer då? Jau, det skal eg forelje deg, då kjem denne i hus:Nei, det er ikkje eit marsvin (Ole Andreas foreslo det nemleg). Dette er ein hund, nærare bestemt ein kvalp av rasa Shetland Sheepdog. Den skal hentast i slutten av mai på Mellsjøhøgda, som ligg ikkje så langt frå Lillehammer! Eg og Anja storgled oss! Meir informasjon om kvalpen får de nok høyre meir enn nok av framover..

Ingen kommentarer: