fredag 16. april 2010

Desse hundane..


Mamma synes det er så sinnsjukt fasinerande dette som Anja er byrja med. Derfor kan eg fortelje det her. Om dagane sitt eg på litt på laptop, og då har hunden no forstått at det er ikkje vits å mase når eg gjer det, for då vert det ikkje noke action på henne likavel. Så ho legg seg som regel å søv ved sidan av. Når eg då legg ihop dataen, uansett kvar hunden måtte vere på dette tidspunktet, kjem der alltid ein hund hoppande innover golvet og stiller seg opp med døra, klar til tur. Så kvar gong eg legg frå meg dataen skjer det same, ho er hundre prosent klar! Snakk om å analysere situasjonar!

Dagens visdom:

Fire føtter og ein snute så stor

Ein hale som vaggar til far og til mor

Alltid lykkelig og glad i deg

Lyttar til alle, tenker ikkje på seg

Ein venn som aldri vert sur eller lei

ein sprudlande kropp som kjem i ein fei!


Ingen kommentarer: