søndag 7. mars 2010

Kjærleik i Fokus

No har me bestemt oss for å halde ein konsert den 25. april på Dalsfjord Skule. Kven er då så me? Jau, det er eg, Sandra og Gloria. Me skal sjølvsagt ha med oss band og lage alt så gjennomført som mogleg. Dette er ein konsert både for unge og gamle. Også dei midt i mellom!

Me skal synge mange fine songar som har med kjærleik å gjere. Nokon gamle slagera, og nokon nye. (Neida, det er ikkje berre kjedelige suppesongar, der er nokon med litt futt i også!). Du er vel møtt på Dalsfjord Skule klokka fem på ettermiddagen. Konserten er sjølvsagt GRATIS og du har ingenting å tape!

Dette er sjølvsagt langt opp og fram. Men eg fortel det til deg no så du kan sette av helja! Då he me en deal!;)

Love is in the air..

Ingen kommentarer: