søndag 21. mars 2010

Den beste ven..


Det er noko med den følelsen å stå opp kvar einaste morgon og vete at nokon er glad i deg. Det er jo ikkje slik at eg er heilt borte vekk frå alle folk då, men det er noko med å kvar einaste dag føle at nokon har behov for deg, og ventar på deg. Å setje føta ut for sengekanten å kjenne varm pels sope forbi og ein hale som slår mot leggen din. Nokon gangar nokon djupe brune auger som kikar ned på fjeset ditt å spør om du ikkje skal stå opp snart.

Etter at du har fått tatt ditt morgonstell og hunden har gjort sitt fornøde ute på plenen kjem ho hoppande bort etter golvet for å seie at no er det morgon, skal me ikkje ete frokost? Og etter ein solid frokost merkar du forventningane som sitt i den lykkelege kroppen som vandrar der rundt med ein konstant vaggande hale. Nokon gongar må ein berre skuffe ho med at kvardagen, skulen eller arbeidet ventar. Ho vert ikkje skuffa, ho godtek det slik det er, og stolar på at eg kjem tilbake. Der fins ikkje tvil i den pelsen.

So kjem ein heim, litt småsliten etter ein lang dag. Halen går av lykke. Endeleg er du heime, "eg har venta på det sidan du for". Ikkje eit teikn til sinne, eller skuffelse over at du var litt seint ute, det er greit slik det er, for du kom. Klar som et egg til alt du måtte finne på.

So ordnar ein seg litt heime medan hunden vandrar rundt eller går å legg seg tålmodig å ventar. Endeleg vert det hennar tur. Og den gleda som sprudlar i kroppen hennar når du dreg opp glidelåsen på jakka, tek på deg hua og plukkar opp hundebandet. Den som hadde den lykka som hunden viser då. Du tek på ho bandet, og går ut å møter naturen.

Kanskje er du litt gretten fordi det er surt ver, eller det er kaldt, for mykje vind, for lite vind, for varmt. Me mennesker finn alltid noko å klage på, men hunden, ho kunne ikkje brydd seg mindre om kva ver det er. Om det er vinter, vår, somar eller haust er ho der, og så lenge ho er på tur saman med deg, så er heile verda hennar fullkoma. Du pratar til ho, men ho seier ikkje mykje tilbake. Likevel kan du sjå ho lyttar tålmodig. Ein betre lyttar skal ein leite lenge etter. Om du skulle vere så uheldig å falle eller snuble er ho der med ein einaste gong å trøystar på sitt vis.

Etter ein tur ute kjem ein begge heim og er småsvoltne og trøtte. Då tek ein nok eit måltid, og roar seg ned for kvelden. I den eine stolen du, og den andre hunden. So lid det på kvelden og de synes begge det er eit tiltak å røyse seg frå stolen, likevel tvingar de dykk sjølve opp og ut for å ta kveldsstellet. Deretter ventar den gode varme senga. Hunden legg seg fyrst, men ikkje på di side. So kjem du og legg deg og pakkar dyna godt rundt deg. Rett før du duppar av og inn i ein god og djup søvn, kjenner du ein varm kropp kome å legge seg ved sidan av deg. Den fuktige snuten sveipar kanskje raskt over fjeset ditt, og du høyrer eit etterlengta sukk som strøymer forsiktig forbi hovudet ditt. So sovnar de begge inn i kvar dykkar draumar og ladar opp til ein ny kvardag.

Ein trufast ven som alltid stiller opp
Ein ven som kan trøyste og forstå
Ein ven som er med på alle dine tankar
Ein ven som veit kven du er, og godtek det
Ein ven som gjer sitt beste
Ein ven som aldri svikar eller lyg
Ein ven som er der berre for deg
Din beste ven for alltid!

The great pleasure of a dog is that you may make a fool of yourself with him and not only will he not scold you, but he will make a fool of himself too.

Ingen kommentarer: