mandag 29. mars 2010

Dagens dyrestatus!

Anja har ei formeining om at me stod opp for tidlig i dag. Me har vore på EU - kontroll med bilen, så me måtte litt tidlig opp. Ho var likevel glad når ho forstod at me skulle gå tur medan me venta på bilen. Ho var til og med så heldig å møte ein kjekk Berner Sennen kar. Då var dagen hennar redda! Veret bryr ho seg lite om, og etter ein snartur for å mate naboen sine kattar er ho storfornøgd når me leika sisten på marka ettepå.
Gloria nyter søvnen ved sidan av vedaovnen. Det er ikkje greit å vere hamster, søv vekk heile dagen.. Og som du ser på bilde he ho rydda i natt. Rart kva eit hamster ser som ordentleg..
Sandra har siesta saman med døtra Eli. Samstundes som Vilde sitt utafor å tenkjer djupe tankar. Brukar som regel å vere litt meir liv i dei utover ettermiddagen!
I akvariet er der også sieta. Vanlegvis brukar ein å sjå ein flokk med tetra, nokon schwarziar, ein diger flat algetar, noken pansermalle og så kan du på bilde skimte nokon siamesiske algetarar. Slørhalane er heilt bortevekk no på dinne tida av døgnet.Midna ligg på sin faste plass på telefonkrakken på gangen. Det er ikkje eit uvanleg syn det, sidan ho søv heile dagen.På badet finn du dronninga, Evita eller Lisjepus om du vil. Ho ligg der å nyter varmen frå varmekablane. Desse gamlingane er glad i søvn og varme!Nede på gangen finn eg Amigo, som er i skikkeleg rampehumør. Det er ikkje vanskeleg å høyre Midna kome ned trappa bak meg, og snart er Amigo byrja å yppe seg på henne. Katten som besøkande aldri ser er skikkelig i slaget i dag!Den eldste i huset av dei firbeinte, Gråpus, nyter dagen opp på vaskemaskina. Eigentleg har me kjøpt oss ny vaskemaskin, men mamma vil ikkje hive ut den gamle sidan katten vil berre ligge opp på den. Gråpus er alltid pratsom, og gir meg nokon fine purrrr, ho seier sikkert eg skal helse til internett.Cognac var eigentleg ikkje våken, heilt til eg kom inn døra. Då trudde han det var godteri på gong, så då vart det litt godt å tygge på med då. Det er viktig å tilfredsstille dei små ørkendyra også.Naboen til Cognac, Luke, ser helst han slepp å stå opp i det heile, men når eit par solsikkekjerner vert lagt framfor nasa er det ikkje lenge før ein ser snuten. Han er trøtt i dag stakkar.Ute i hagen er det hakket meir liv. Frå venstre Helene, Mulan og Oskar. Helene vakar mora, som då er Mulan. Mulan har vore sjuk i to veker, men var frisk for nokon dagar sidan, ho ser litt shabby ut i dag, så det spørs om det vert dyrlege besøk snart. Oskar har eigentleg ingenting å gjere i dette buret akkurat no, men det har vorte litt laussluppe no dei siste vekene sidan de går så godt ilag alle saman. Dei vandrar frå plass til plass akkurat slik dei sjølve vil.
BitteLita var visst også tilstades plutselig. Ho høyrer heller ikkje til her. Ho ferdar rundt etter mat og nokon å yppe med.Sissi slappar av under buret sitt. Det kan vere greit å ta det med ro no når BitteLita ikkje står på gjerdet å masar.Bonnie (Kanina som sitt inn i buret) og Miini er dei eigentlege sambuarane til Bittelita, men dei serkje ut til å sakne ho akkurat no. Desse har ein djup samtale om eit kvart vetigt tenkjer eg.Sist men ikkje minst må eg kike opp i familieburet for å sjå om eg finn den siste kanina, Moony. Han ser ut til å ha ein "inne-kvil-seg-dag".

Dyras Visdom:
Livet det er helt ålreit!

2 kommentarer:

Lisbeth. sa...

-he he.. ja her var det liv, morro med dyr, hadde selv en god del før i tiden, ( 2 hunder, 4 katter, 3 kaniner, 42 marsvin ,2 hamstere, 1 ørkenrotte, 3 hetterotter, 2 undulater, et par akvarier, 1 mus, 5 frosker og en del firfissler ) nå holder det med en hund, et marsvin og et akvarie i drift.. ja og 4 barn.. he he.

Anita sa...

42 marsvin?!
Det var nok mykje hyling på morgonen!!^^