fredag 5. februar 2010

Å vente i stillheit..

I dag er det tre veker sidan Iris forsvann sporlaust her ifrå. Sida då har me leita høgt og lågt rundt oss og håpt på å finne ho. Ein av naboane har kontakt med ei synsk dame. Fyrste gongen ho ringde sa den synske dama at Iris er i live. Ho ser eit raudt bygg, kanskje løde. Ein kraftig person, ein mann, kanskje ei kvinne. Ho kjem tilbake. Ei veke går, og me leitar i alle raude bygg rundt oss, i løder og hus. Ingen treff nokon stad.

No etterlyser eg Iris både med Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal, og andre stadar på nettet, lokalavisene, og plakatar på butikkane. Me ringar opp att den synske dama og spør. No seier ho at Iris er fortsatt i eit raudt bygg, saman med andre kattar, kanskje villkattar. Utover ein stad i bygda. Nærare sjøen enn fjellet. Føles som om nokon matar dei. Kanskje ved et oppdrettsannlegg. Ho kjem tilbake. Me saumfarar fjøra, og alle oppdrettsannlegga. Ringer rundt og søkjer etter stadar med villkattar. Ingen treff nokon stad. Ikkje eit spor etter nokon kvit katt.

Nok ei veke går. Det har byrja å gå ein liten katt rundt huset om natta, og håpe glid fortsatt opp att om at det kan vere Iris som har vore der. Men kva er sannsynligheita? Eg prøver å følge spora, men dette er eit tapt prosjekt. Det er nok berre ein eller anna katt som har streifa forbi. Med eit lite håp ropar eg fortsatt kvar kveld, i tillfelle.

I den tredje veka vert den synske dama oppringt igjen. Ho seier det same som forrige gang. Ho føler seg sikker. Ho har no fått eit bilete av katten, så ho kunne føle meir energi av det. Fortsatt berre dei same svara. Nær fjøra, med andre kattar, i live, ho kjem tilbake. Me ropar ikkje lenger på Iris kvar kveld. Håpe er byrja å svinne.

Seinare same veka høyrer me frå ein annan synsk person at katten har gått over vegen og opp i skogen. Ho seier ikkje noko om katten er i live eller ei. Me vil byrje leite der no, men det er tungt å byrje ein ny leiteaksjon, når det er så tungt å ikkje finne noko. Katten som me redda frå dyrlegen berre fire veke gammal, katten me fostra opp på morserstatning i ei barnegrind. Katten som er så tam, så kjekk, og hundens beste venn. Katten som har energien og styrka til å få deg i godt humør igjen.

Me gjer ikkje opp, me kjem til å leite og spør til me får svar. Men me håpar det heile snart er over. Sjølvsagt med Iris i god behald. Det er ikkje lett å tenke på alt som kan ha skjedd, og alt ho kan ha vore gjennom, men ein må berre tru det beste!

Me ventar på deg, Iris..!

Ingen kommentarer: