mandag 22. februar 2010

Innlegg nr 301


Ja.. Utan å ense det i det heile. No har eg faktisk skrive 301 innlegg i bloggen min. Bryr det meg? Nei.. Det seier meg berre at eg har kasta vekk mykje tid på å skrive her!^^

No er det altså ei sokalla vinterferie/studieveke på Høgskulen, og då har me enda meir fri. Føler litt me har fri heile året eg. Tysdag har eg 22 min med song, onsdag har eg skule frå 10-15:30, torsdag har me skule sånn ca 9-11, nokon gongar to timar til etter på. Og en fredag iblant he me skule frå 9-11. Dette er då eit sokalla fulltidsstudium andre året på Musikk.

Eg klagar ikkje. Eg får tid til å nyte sola, og vinteren for det fulle. Anja er jo berre overlykkeleg over all tida ho får saman med meg ute. Det einaste som er litt dumt no, er at det ligg skare på snøven, og det begrensar bruks moglegheitene i den. Skulle ynskje det kom et lite lag snøv opp på, slik at det mellom anna gjekk an å bruke Lysløypa vår igjen. Der har nokon forøvrig vore med hest, gått ved sidan av og trakka vekk alt som ein gong var eit skispor.

Eg vel likevel å gjere det beste ut av det, og heller køyre litt kulekøyring der som ein gong var bein løype. Det ser iallfall ikkje ut til å plage hunden! Reknar med snøven mjuknar til påske, og veret vert hakket mildare. Då vert alt så fint så!

Og sånn btw. I dag he ej og Ole Andreas månadsdag!
Vårt forhold ste no til 68 måneda!
Gratulerer til oss!

Dagens visdom:
Eg snører min sekk, og spenner mine ski..

Ingen kommentarer: