fredag 7. november 2008

Avslutning på korvekå

Me byrja dagen klokka ti på (p)Uppheim, og hadde ei tre timers øving. Der va rett og slett iskaldt. D vart ikkje varmare ta å synge suppene heller. Ej seikje songane e stygge, dei e kjempe fine, men fy kor laaange og krevjande for konsentrasjonen.

So va ej på middag med Sandra, tomatsuppe, loff og pepsimax. D va veldig godt. Vakje mykje ej fekk nyte d då, for fyrst ringte mamma og masa, so ringte Linda og masa enda meir, og so måtte ej rekke ferja.

Heim til dagens einaste høgdepunkt; NARUTO. Episoda va veldig spennande og aaaalt for kort. Endeleg kom Shikamaru sej i gong med planane sine, og med Kakashi på teame vert ditte artig. Hidan og Kakuzu e interesssante fienda, og ej e super spent på nye teknikken som Naruto helle på med, grei han d på 24 tima?

Tilbake til Volda til sju. Øving, øving. Korkonsert. Vakje so mykje publikum at d gjor noke, men me va flinke om ej so ska seie d sjølv. Dirigenten påstod d låt veldig fint. Det seie vel egentlig dei fleste dirigenta.. Endeleg noken fridag. So kjem den harde veka med studia..

Dagens visdom:
Everybody got issues.
We live to solve them.

Ingen kommentarer: