I dag fyller kvalpane heile 7 veke. Tida går så alt for fort, og om ei veke skal dei ut i den store verda å finne sine nye liv, aleine. I veka som har gått har sosialisering og miljøtrening vore prioritet. I helga hadde me besøk av ein mops. Denne syns alle saman var veldig rar, og mopsen såg helst den kunne få reise heim snarast råd. Etter besøket reiste eg og kvalpane bort til Amfi i Ørsta. Der slo me oss ned med kvalpegrind og leiker berre for å sjå på livet og venne oss til miljøet rundt oss. Det passerte masse ungar, vaksne, hundar og ikkje minst syklar. Nokre var så heldige dei fekk stoppe å halde dei søte små.
Energinivået har vore på topp heile veka. Mandag var dei med på kvalpekurs. Her fekk dei trene litt på å gå i band, og sjå litt på når andre trente hundane sine. Tysdag var det ny Tussatrening der alle måtte ta på og kike på gjengen. Der fekk dei også treffe mange rare hunda. Byrja å verte ok å vere der no. I går var me å sprang tulling på ei diger mark. I tillegg fekk kvalpane oppleve våte potar i elva. Sansa fekk eit ufrivillig bad også. Ho sprang rett og slett litt for fort ned ei skråning.
I dag har kvalpane vore med meg på arbeid. Dei har då fått helse på 56 sjetteklassingar . Dette var litt skummelt, men vart etterkvart spennande. Nokre elevar fekk til og med eit lite slikk i fjeset. Etter skulebesøket fekk dei vere med i hagen til Mari i Ørsta, og i hagen til naboen for fotografering. Kvalpane har dermed møtt alt mogleg av folk og hundar denne veka, og dei styrar fortsatt på med eit enormt energinivå. Akkurat no i skrivande stund herjar dei vilt rundt seg i kvalpekassa.
Arya er no tøffingen i kullet. Er ganske trygg på leik, sjølv på frammande stadar. Det vert nok utmerka å bruke leik som belønning på denne jenta. Ho tek lett nye utfordringar, og brukar kort tid på å venne seg til nye folk. Ho er nysgjerrig og "på" heile døgnet. Elskar å springe rundt å yppe.
Meera er utbrytarkongen. Ho har hjulpe søstrene sine over dei mest utrulege hindringar. Kan mellom anna nemne at eg kom heim til 3 lause kvalpar i huset ein dag. Kan tru gangen var full i tiss og rot. Meera er veldig trygg og sosial. Ho likar også ein god leik, men er litt meir tilbakeholden på det enn Arya.
Sansa er eigentleg ei real kosejente. Ho likar merksemda og nærleiken. Det er ikkje så viktig at alt er så hipt og aktivt for henne, så lenge nokon gjev ho ein deilig massasje. Ho er litt var på det nye, men smeltar etter kvart. Ho er veldig nysgjerrig på nye hundar, men tørr ikkje alltid å gå like nær.
Dagens visdom:
Dance, laugh, love..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar