onsdag 10. september 2014

Å eg minnast..

Tenk at det er heile fire år sidan du tok ditt siste pust her hjå meg. Tida renn fort. Her sit eg, med galne kvalpar som herjar vilt i stova, og ei fire år gammal tispe som vart erstatninga di. Eg klagar ikkje, på ingen måte. Eg har ei stor gåve hjå meg, her og no. Likevel er ingen av dei deg.
Gleda du gav, ditt nydelige lynne, måten du tok imot folk med logrande hale, eller logrande kropp. For du viste det så godt med heile deg. Glede og leik var stikkorda for deg. Du kom liksom ikkje lengre enn det. Alt var så perfekt, så bra, den sumaren i 2010. Den beste sumaren nokon gong.

Tenk at eg og du skulle få vere saman. Det skulle vore meir tid, så mykje meir tid. Vekene gjekk, du byrja vekse. Ingenting å klage på, berre glede. Du kyssa meg godt på kinne den dagen eg reiste heimafrå. Du visste jo ikkje at det var siste gang, det visste ikkje eg heller. Likevel logra du, og herja rundt deg. Så lukkeleg, så uskuldeg.
Saknet var stort på ferie utan deg. Telefonen gjekk varm heim om korleis du hadde det. Folket brydde ikkje eg meg om. Dagane gjekk, og alt såg ut til å fungere bra, både i utlandet, og der heime hjå deg. Så kom draumen.

Du døydde i draumen min. Eg var lamma av sorg. Eg gret og gret i draumen, eg var utrøysteleg. At du skulle forlate meg var heilt utenkjeleg. Det fyrste eg gjor når eg vakna var å ringe heim. Høyre om kvar du var. Den enkle følelsen. Du hadde det bra fekk eg beskjed om, og det hadde du nok også akkurat då. Dagen gjekk og den ekle følelsen forsvann.
Til ettermiddagen var me byrja planlegge heimreisa, då telefonen ringte. Den ekle følelsen kom attende. Eg ville ikkje ta han, men eg måtte. Sorga frå draumen, den grusomme følelsen og håpet om at det berre var eit mareritt slo meg ned.

På vegen heim ordla eg meg skriftleg på den einaste måten eg kunne.
Eg skreiv orda for deg, og stadfesta at du var vekk:

En logrende hale har sluttet å slå
silkmyke poter har sluttet å gå
den glede du gav meg har nå blitt til savn
til den gang vi møtes igjen i min favn

Så tomt det var i stova når eg kom heim. Så stille, så alt for stille. Ingen pota som dansa over golvet, ingen glede, ingen leik. Du var borte frå meg.
Eg tenkjer ofte tilbake og lurer på korleis det hadde vore om du var her ennå. 
Mi Sunny, du er så sårt sakna ennå. 

Ingen kommentarer: