Lom var staden. Jetta Hundeklubb var arrangør. Strålande sol, godt over
20 grader. Nordal camping klokka tolv. For aller fyrste gong skulle me
delta i rallylydigheit. Den nye, friske hundesporten. Skilt som skulle
lesast, hund som skulle følge med. Start nummeret vårt denne gongen var 0018. Me skulle med andre ord få sitte å vente ei stund før det skjedde noko.
Klasse 1 skulle vere fyrst. Det er jo klassa vi må byrje i. 10 min briefing for å forstå gangen i det måtte til. Då kunne ein i alle fall forsikre seg om at førar ikkje rota det til. Så byrja ventetida. Den eine etter den andre gjekk i ringen. Me klappa. Så var brått tida der. Høg puls og nervøsitet kraup innover meg. Junah var heldigvis på. Ho gjekk ei perfekt lineføring mot starten.
Utover i bana gjekk eg berre å tenkte på at "no går det gale snart", men det gjor det aldri. Det gjekk aldri gale. Jenta følgte meg som ei sol. Gjor akkurat det ho skulle når ho fekk beskjed om det. Eg rosa og belønna enormt når eg kom ut att av ringen. For ein prestasjon!
Neste spenningsmoment var premieutdelinga. Korleis gjor me det eigentleg? I rally får ein ikkje vite noko før premieutdelinga nemlig. Den eine etter den andre vart lest opp. Så kom vi til 12. plass, og no var det berre folk med direkte opprykk attende. Så gjekk det oppover, 5. plass, 4. plass. Her byrja eg virkelig å kjenne på usikkerheita om at dei kanskje hadde gløymt meg. 2. plass vart ropt opp. Så vart 1. plassen ropt opp, med 200 poeng, bronsemerke og direkte opprykk; Mellsjøhøgda's Xotic Illusion og Anita. Eg var i sjokk, samstundes som eg kjente ei enorm glede. Aldri før har eg vore så stolt!
På kvelden booka eg og Hege oss inn på Nissegården camping. Eg reiste nemlig ikkje aleine. Eg hadde eit strålande reisefylgje som kunne hjelpe meg å halde psyka på plass under konkurransen. Me vandra oss også inn til Lom sentrum på kvelden. Der kunne me godte oss med nydelig is frå kuba isbar. Litt belønning må også føraren ha! På vegen dit fann me dette skiltet. Fascinerande namn på ein stad.
Så kom dag to. Med mykje overtalelse hadde me bestemt oss (både eg og Hege) for å delta i klasse 2, sidan me fekk rykke direkte opp. Dette var noko eg var veldig skeptisk til. I klasse 2 skal nemlig hunden gå laus. Den får faktisk ikkje ha på seg noko slag. Dette har vore eit lite problem for oss under trening, i høve bilgjeting og liknande. Eg valte likevel å ta sjansen.
Det vil eg nok aldri angre på. Me enda opp på 4. plass i klasse 2 med 197 poeng. Einaste me fekk trekk for var at me måtte repitere ei øving fordi Junah var overbevist om at det handla om dekk. Men ho var så flink, så dyktig, så PÅ, så engasjert. Eg hadde lyst å klemme ho og belønne i evigheiter. Ho var alt eg kunne drøyme om i ringen. Eg fekk nok ein gong oppleve stoltheit. Tenk at me kunne få til noko, me to. Me var faktisk god på noko!
Frå ingenting oppnådde me bronsemerket og sølvmerket. Me har virkelig fått ein kickstart!
Ei vindunderlig helg, kjekt selskap, gode opplevingar.