torsdag 22. mai 2014

You're never fully dressed without a smile..

Nokre dagar tek pessimisten over den indre diskusjonen og mørklegg tankane. Me har nok alle ein gong i livet møtt pessimisten i oss. Han er agressiv, sint, frustrert og ikkje minst ondskapsfull. Han veit akkurat kvar det sårar mest, og han legg ikkje skjul på det. Han leverar ord i reine fossefall og bryr seg lite om kvar fossefallet fell, og kor langt ned du fell med det. Han er fri som vinden, og har få fiendar.

Pessimisten tek snarvegar og kjem ofte fyrst fram. Erkefienden hans kjem ofte mykje forseinka, om han i det heile dukkar opp. Pessimisten fortel deg kor lite du er verdt, kor dum du ser ut, kor verdilaust livet ditt er, kor meiningslaust kvar ei handling du gjer er, kor lite alle bryr seg om deg, kor lite meining alt du gjer og vil har. Han fortel deg at draumar er til for å knusast, at du ikkje har lov å vere lukkeleg, og at du berre må finne deg i å vere eit ulykkeleg individ som ingen bryr seg med.

Der er få fiendar, men fiendane er sterke når dei fyrt kjem fram. I utgongspunktet held ofte barndommen pessimismen borte. Eit bekymringslaust liv, der ein tenkjer at alt går. At ein kan flyge, at ein kan snakke med dyr, at ein kan bli millionær å kjøpe alt ein ynskjer når ein veks opp. Alt er mogleg. Barndommen er fin slik. Den fortel deg og prøver lære deg at du er sjefen, du bestemmer, du kan bli akkurat den og kva du vil. Frykt ikkje, smil og ver lukkeleg. Barndommen taper diverre ofte kampen mot pessimismen med åra. Heldigvis fins der nok ein fiende.

Optimismen. Ei smilande sjel. Ein varme, eit lys i tunnellen. Håp når alt håp er ute, løysinga på det umoglege. Framtid, positive tankar, glede, lykke. Saman med oss kjemper optimismen heile tida for å kome gjennom. For å gje livet ditt ei meining, for å sjå verda klar til å oppleve, verte utfordra, vinne. For å leve. 

Dei stridast om kvarandre. Prøver å rope høgast. Hovudet spinn rundt i trange sirklar. Eit virrvarr av tankar, blanda mellom liv og død, jord og skyer. Til slutt må ein berre ta eit val; kven skal få vinne? Kven sin synsvinkel treng eg i dag?
   
Bilete lånt frå wallpoper.com


Ingen kommentarer: