torsdag 17. april 2014

Ei ny verd..

Å flytte over fjorden er stor forskjell frå å bu inn i Dalsfjorden. Arbeid, hundetrening, aktiviteta er komt så nært. Alt er samla på ein stad. Ingen stress med ferietide. Slutt på den tida då eg alltid måtte gå før for å rekke ferja.

Turområde kryr det av. Nye fjell og nye råser å utforske. Det gjer det spennande å gå turar. Veiret etter me flytta har derimot ikkje vist seg frå si beste side, men eg trur dei plagast med det same der eg kom ifrå.

Etter å ha budd her i to veker ser eg kva eg er mest nøgd med etter flytting. For det fyrste elska eg følelsen av landfast. Å sleppe ferje var mykje betre følelse enn venta. Kan sjølvsagt ha noko med at eg no kan stå opp to timar seinare på morgonen.

Neste ting eg er veldig nøgd med er kjøkkenet vårt. Det vart over all forventning i mine auge. Ellers er eg stort sett nøgd, men der er mykje småting som manglar før me er heilt i hus. Vert godt den dagen siste kassa dreg.

No er det påskeferie. Så då tek me ferie også. I morga kjem påskeveiret. Då er det på tide å finne fram kvikk lunsj og appelsin. God påske!

Dagens visdom:
Forandring fryder..

Ingen kommentarer: